Khalid Sheikh Mohammed

Khalid Sheikh Mohammed (fødd 1. mars 1964 eller 14. april 1965 i Kuwait[1]) er ein pakistansk islamistisk terrorist som vert rekna som hovudarkitekten bak terroråtaka 11. september 2001.

Khalid Sheikh Mohammed

Statsborgarskap Pakistan
Fødd 1. mars 1964 (60 år)
Kuwait
Yrke terrorist
Medlem av al-Qaida
Religion Islam
Khalid Sheikh Mohammed på Commons

Mohammed voks opp i Kuwait, og reiste som ung for å ta utdanning i Sambandsstatane. I 1986 fullførte han ein bachelorgrad innan maskinteknikk ved North Carolina A&T. Sidan reiste han til Peshawar på grensa mellom Pakistan og Afghanistan, der han vart sekretær for den afghanske krigsherren Abdul Rasul Sayyaf. I 1996 møtte Mohammed Osama bin Laden, og kom med fleire forslag til åtak på Sambandsstatane. Han vart arrestert i Pakistan i 2003, og halden i ulike CIA-fengsel før han enda opp i Guántanamo-leiren i fleire år.[2][3] Her vart han utsett for tortur.[2] 31. juli 2024 inngjekk Khalid Sheikh Mohammed ei tilståingsavtale der han unngjekk ei rettssak med dødsstraff som mogleg straff i bytte mot ein dom på livsvarig fengsel.[4][2] Kort tid etter vart avtala oppheva av den amerikanske forsvarsministeren.[5][6]

Mohammed er onkel til Ramzi Yousef, mannen som stod bak bombinga av Verdshandelssenteret i New York i 1993.

Kjelder

endre
  1. Pearson, E. (2014), «Khalid Sheikh Mohammed», Encyclopædia Britannica. Henta 9. juni 2020.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Alleged 9/11 mastermind Khaled Sheikh Mohammed reaches US plea deal», www.ft.com, henta 1. august 2024, (krev abonnement (help)) 
  3. Rosenberg, C. (17. april 2020). «The 9/11 Trial: Why Is It Taking So Long?». The New York Times. 
  4. «Man accused of plotting September 11 attacks reaches plea deal alongside two accomplices». ABC News (på engelsk). 31. juli 2024. 
  5. «Plea deal with accused 9/11 plotters revoked - US government», BBC News (på engelsk), 3. august 2024, henta 3. august 2024 
  6. Clayton, Abené (3. august 2024). «Plea deal for accused 9/11 plotters revoked by Pentagon chief Lloyd Austin». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  • Wright, L. (2006). The Looming Tower: Al-Qaeda and the Road to 9/11 (s. 429). New York: Vintage Books. ISBN 9781400030842