Osama bin Laden

Osama bin Laden (10. mars 19572. mai 2011) var ein saudiarabar rekna som grunnleggjar og sjef for al-Qaida, ein militant islamistisk organisasjon som har vore involvert i terroriståtak mot sivile og militære mål rundt om på kloden.

Osama bin Laden
أسامة بن محمد بن عود بن لادن
Osama bin Laden portrait.jpg
Fullt namnUsāmah bin Muhammad bin `Awad bin Lādin
(arabisk: أسامة بن محمد بن عود بن لادن)
Fødd10. mars 1957
FødestadRiyadh i Saudi-Arabia
Død2. mai 2011
DødsstadAbbottabad i Pakistan
MorHamida al-Attas
FarMohammed bin Awad bin Laden
EktefelleNajwa bin Laden, Khairiah Sabar, Osama bin Laden's fifth wife
BarnSaad bin Laden, Omar bin Laden, Hamza bin Laden, Abdallah bin Laden, Khalid bin Laden
Medlemal-Qaida

Leiar av al-QaidaEndra

Bin Laden grunnla al-Qaida i 1988-89 for å støtta og trena utanlandske muslimske motstandsstyrkar mot Sovjetunionen under Den afghansk-sovjetiske krigen. Etter at sovjetarane trekte seg ut av Afghanistan i 1989 vende bin Laden tilbake til Saudi-Arabia. Året etter invaderte Irak under Saddam Hussein nabolandet Kuwait, noko som også sette dei saudiarabiske oljefelta i fare. Bin Laden tilbaud sine trente mujahedin til å forsvara landet, men kong Fahd tok heller imot hjelp frå amerikanske og allierte styrkar. Det at desse styrkane fekk koma inn i og vanhelga «landet med dei to moskeane» (Mekka og Medina) gjorde bin Laden rasande. Etter å ha talt imot styresmaktene for å ta imot amerikanske styrkar blei han landsforvist. Oppmoda av Hassan al-Turabi drog bin Laden og al-Qaida i eksil til Sudan, der Omar al-Bashir nyleg hadde teke makta. Dei hjelpte dei sudanesiske styresmaktene gjennom å setja opp ulike verksemder og militære treningsleirar.

I 1993 støtta Saudi-Arabia Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane, noko som førte til skarp kritikk frå Bin Laden. Han heldt fram med skarpe åtak på kong Fahd, og i 1994 blei han fråteken det saudiske statsborgarskapet sitt. Eigedommen hans i heimlandet blei frosen og familien tok offentleg avstand frå han. I 1998 førte terroråtak mot dei amerikanske ambassadane i Kenya og Tanzania til at al-Qaida og bin Laden blei verdskjende.[1]

Styresmaktene i Sambandsstatane (USA) peika ut Osama bin Laden som hovudmannen bak terroråtaka 11. september 2001, då to fly styrta inn i Verdshandelssenteret i New York og om lag 3 000 menneske vart drepne. I oktober 2004 dukka det opp ein videosnutt der Osama bin Laden vedgjekk å stå bak 11. september-åtaka. Han oppgav som hovudgrunn eit ønske om å straffa stormakta som tillét Israel å invadera Libanon i 1982.[2]

Sidan levde han på ulike stader i lite folkesette strok av Pakistan og Afghanistan. Osama bin Laden var rekna som den mest ettersøkte mannen i verda. USA hadde lova å gje ut store pengesummar til den som peika ut kvar han er. I ein fjernsynstale seint om kvelden 1. mai 2011 (USA-amerikansk tid) opplyste president Barack Obama at amerikanske spesialstyrkar hadde tatt livet av Osama bin Laden i eit hus i småbyen Abbottabad nord for Islamabad i Pakistan.[1]

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra