Khalifa by
Khalifa by er eit bustadområde og ein forstad til byen Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata. Det er delt inn i tre område: Khalifa City A, Khalifa City B og New Khalifa City. Khalifa City A ligg langs hovudvegen til Dubai, kring 30 kilometer frå Abu Dhabi, og er nær Abu Dhabi internasjonale lufthamn. Khalifa City B ligg lenger inn i landet nær Bani Yas og Al Shawamikh. Den nye Khalifa by er planlagt mellom A og B. Heile Khalifa by er under utvikling og vil bli eit nytt bysenter i Abu Dhabi.
Khalifa by | |||
landsby | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | emiratet Abu Dhabi | ||
Koordinatar | 24°27′21″N 54°37′34″E / 24.455744°N 54.626169°E | ||
Khalifa by 24°27′21″N 54°37′34″E / 24.455744444444°N 54.626169444444°E | |||
Kart som viser Khalifa by.
|
Etihad Airways har hovudkontoret sitt i Khalifa City A.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Khalifa by» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Our offices." Etihad Airways. Henta 11. februar 2010.