Dubai (arabisk دبي, Dubayy) er den største byen i Dei sameinte arabiske emirata (UAE).[2] Han ligg på søraustkysten av Persiabukta og er eit av dei sju emirata som utgjer landet. Abu Dhabi og Dubai er dei einaste to emierata som har vetomakt i viktige nasjonale saker.[3] Byen Dubai ligg på nordkysten av emiratet i Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde.

Dubai
دبي
by
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Dubai
Koordinatar 24°57′N 55°20′E
Areal 4 114 km² [1]
Folketal 2 106 177  (2013)
Folketettleik 512 / km²
Emir Muhammed bin Rashid Al Maktoum
Tidssone UAE standardtid (UTC+4)
Kart
Dubai
25°16′11″ N 55°18′34″ E
Wikimedia Commons: Dubai
Nettstad: Dubai Emirate
Dubai kommune
Dubai Tourism

Dubai har utvikla seg til å bli ein global by og storsenter for forretningar i Midtausten.[4] Han er òg eit stort transportknutepunkt for passasjerar og varer. I 1960-åra var økonomien i Dubai basert på handel, og til ein viss grad, oljekonsesjonar, men det vart ikkje oppdaga olje før i 1966. Oljeinntektene byrja først å strøyme inn i 1969.[5] Oljeinntektene sette i gang den første utviklinga av byen, men reservane var små og produksjonsnivået lågt, så i dag kjem mindre enn 5 % av inntektene i emiratet frå olje.[6] Den vestlege forretningsmodellen i emiratet driv økonomien og dei største inntektene er no turisme, luftfart, eigedom og finanstenester.[7][8][9] Dubai har fått mykje merksemd i verda gjennom nyskapande, store byggeprosjekt og idrettsarrangement. Byen har blitt symbolsk for skyskraparane sine, særleg den høgaste bygningen i verda, Burj Khalifa. Dubai har blitt kritisert for brot på menneskerettar, særleg mot den sørasiatiske arbeidsstyrken i landet.[10] Eigedomsmarknaden i Dubai opplevde eit fall i 2008-2009 etter finanskrisa i 2007–2008,[11] men økonomien i emiratet er igjen i vekst og går sidan 2015 med overskot.[12]

I 2012 var Dubai den 22. dyraste byen i verda og den dyraste i Midtausten.[13] I 2014 var hotellrom i Dubai rangert som dei nest dyraste i verda, etter Geneve.[14] Dubai var rangert som den beste staden å bu i Midtausten av det amerikanske globale rådgjevingsselskapet Mercer.[15]

Namnesoge endre

Det er mange teoriar om opphavet til ordet Dubai. Ein teori er at ordet vart nytta til å skildre marknaden, souq, som likna på marknaden i Ba.[16] Ein annan teori er at namnet kjem frå ordet for «pengar», sidan folk frå Dubai vart rekna som rike. Eit arabisk ordtak er «Daba Dubai» (arabisk دبا دبي), som tyder «Dei kom med mykje pengar.»[17] I følgje Fedel Handhal, ein emiratarabisk historiskar, kan ordet Dubai ha kome frå ordet daba (arabisk دبا) (fortid av yadub (arabisk يدب), som tyder «å krype»), som viser til den langsame straumen i Dubaivika inn i landet. Forskaren Ahmad Mohammad Obaid meiner ordet kjem frå ein «ung grashoppe» (arabisk جراد) på grunn av mange grashopper i området før det vart utbygd.[18]

Historie endre

Sjølv om ein har funne mange steinreiskap i arkeologiske funn, kjenner ein lite til dei første innbyggjarane i Emirata, sidan ein berre har funne få busetnader.[19] Mange gamle byar i området var handelsselter mellom den austlege og vestlege verda. Restane av ein eldgammal mangrovesump er datert til 7000 fvt. og vart oppdaga under bygginga av kloakkrøyr i Dubai. Området vart dekt av sand kring 5 000 år sidan då kysten trekte seg innover, og vart ein del av dagens kystlinje.[19][20] Ein har funne førislamsk keramikk frå 200- og 300-talet.[21] Før islam vart innført i området, dyrka folket i regionen Bajir (eller Bajar).[21] Etter islam kom til området, invaderte kalifane frå omajadane området søraust i Arabia, og dreiv bort sassanidane. Utgravingar gjort av Dubai museum i regionen kring Al-Jumayra (Jumeirah) fann fleire lekamar frå omajadane.[22]

Den tidlegaste kjelda som nemner Dubai er frå 1095 i Geografibok av den andalusisk-arabiske geografen Abu Abdullah al-Bakri.[treng kjelde] Den venetianske perlehandlaren Gaspero Balbi vitja området i 1580 og nemner Dubai (Dibei) for perleindustrien sin.[22]

Ein trur Dubai vart grunnlagd som ein fiskelandsby tidleg på 1700-talet[23] og var innan 1822 ein by med 7-800 innbyggjarar frå Baniyas-stamma og underlagt styret til sjeik Tahnoon av Abu Dhabi.[24]

Etter stammestridar i 1833, kutta medlemmar av Al Bu Falasa banda til Abu Dhabi og etablerte seg sjølv i Dubai. Utvandringa frå Abu Dhabi var leia av Ubaid bin Saeed og Maktum bin Butti som leia Dubai i lag fram til Ubaid døydde i 1836, og Maktum grunnla Maktoum-dynastiet.[23]

Dubai signerte ein avtale i lag med resten av Traktatstatane med Storbritannia, som tok ansvaret for tryggleiken til emiratet i 1892.

To katastrofar råka byen på 1800-talet. I 1841 braut det ut ein kopperepidemi i Bur Dubai, og tvang innbyggjarane til å flytte aust til Deira. I 1894 braut det ut brann i Deira og dei fleste husa brann ned.[25] Den geografiske plasseringa til byen fortsette å trekkje til seg kjøpmenn frå heile regionen. Emiren av Dubai ønskte å trekkje til seg utanlandske kjøpmenn og senka skattane. Dette trekte til seg kjøpmenn frå Sharjah og Bandar Lengeh, og byen vart ein av handelssentera i regionen på den tida. Persiske kjøpmenn kryssa Persiabukta og slo seg etter kvart ned i Dubai. Dei fortsette å handle med Lingah, og dei kalla bydelen sin Bastakiya, etter Bastak-regionen sør i Persia.[25][26]

Dubai før olja endre

Dubai ligg nær Iran og gjorde han til ein viktig handelsstad. Byen Dubai var ein viktig hamneby for utanlandske kjøpmenn, hovudsakleg dei frå Iran, og mange slo seg etter kvart ned i byen. På byrjinga av 1900-talet var Dubai blitt ein viktig hamneby.[27]

Dubai var kjend for eksport av perler fram til 1930-åra. Perlehandelen vart øydelagd under den store depresjonen i 1930-åra og oppfinninga av kulturperler. Då perleindustrien kollapsa, vart det store økonomiske vanskar i Dubai og mange innbyggjarar svelta eller flytta til andre stader i Persiabukta.[19]

 
Al Ras-distriktet i Deira i Dubai i 1960-åra.

Sidan tidlege tider rivaliserte Dubai alltid med Abu Dhabi. I 1947 oppstod det ein grensestrid mellom Dubai og Abu Dhabi i nord, og det eskalerte til krig.[28] Britane gjekk gjennom og skapte ei buffergrense som gjekk søraustover frå kysten ved Ras Hasian og dette stoppa fiendskapen for ei stund.[29]

Trass i mangel på olje, brukte regenten i Dubai frå 1948, sjeik Rashid bin Saeed Al Maktoum, inntekter frå handelsverksemda til å byggje infrastruktur. Det vart utbygd elektrisitet, telefon og ein flyplass i Dubai i 1950-åra, og i 1959 vart det første hotellet i emiratet, Airlines Hotel, bygd. Dette vart følgd opp av Ambassador og Carlton Hotel i 1968.[30]

Den 7. april 1961 var den Dubai-baserte MV «Dara», eit 5000 tonn stort britisk fartøy, som segla mellom Basra (Irak), Kuwait og Bombay (India), ute i uvanleg hardt vêr utafor Dubai. Tidleg neste morgon i tung sjø utafor Umm Al Qawain vart det ein eksplosjon i andreklasse-lugarane og det starta brannar. Kapteinen gav ordre om å foralte skipet men to livbåtar kvelva og det oppstod ein ny eksplosjon på båten. Ein flotilje av småbåtar frå Dubai, Sharjah, Ajman og Umm Al Qawain plukka opp overlevande, men i alt 238 menneske mista livet.

Den asfalterte rullebanen vart bygd i 1965, og opna Dubai for både regional og internasjonal trafikk. I 1970 vart det bygd ein ny terminalbygning med den første tax free-butikken i Dubai.[31]

Oljetida endre

Fleire år etter det vart funne olje i naboemiratet Abu Dhabi, vart det oppdaga olje i farvatnet utafor Dubai i 1966, men i mindre mengder. Det første feltet fekk namnet Fateh eller «god lagnad». Dette førte til at emiratet gav ut konsesjonar til internasjonale oljeselskap, og dette sette i gang ein massiv innvandring av utanlandske arbeidarar, særleg indarar og pakistanarar. Mellom 1968 og 1975 tredobla folketalet seg i byen.[32]

Ein del av infrastrukturen for å pumpe og transportere olje frå Fateh-feltet, som ligg utafor kysten i Jebel Ali-området i Dubai, var store lagringstankar, som lokalt vart kalla «kazzans».[33] Desse vart sveiste saman på stranda og så grov ein dei ut og flaut dei ut, før dei slapp dei ned på havbotnen på Fateh-feltet. Desse vart bygde av Chicago Bridge and Iron Company, som gav stranda det lokale namnet (Chicago Beach) fram til Chicago Beach Hotel vart rive ned og erstatta av Jumeirah Beach Hotel i 1997.

Dubai hadde alt byrja å utvikle infrastrukturen sin og utvide byen. Oljeinntektene, som byrja å kome i 1969, støtta ein vekstperiode der sjeik Rashid fokuserte på infrastruktur og å diversifisere handelsøkonomien før dei avgrensa oljeressursane til emiratet gjekk tom. Olja stod for 24 % av BNP i 1990, men var redusert til 7 % av BNP i 2004.[5]

Noko av dei første store prosjekta sjeik Rashid sette i gang då oljeinntektene kom, var å byggje Port Rashid, ei djupvasshamn og frihamn, bygd av britiske Halcrow. Prosjektet vart ein eineståande suksess, og skipa stod i kø inn til det nye anlegget. Hamna vart innvigd den 5. oktober 1972. Port Rashid vart vidare utvida i 1975 med ytterlegar 35 kaiplassar, i tillegg til dei 16 som var der frå før, før den større hamna i Jebel Ali vart bygd.[5]

Port Rashid var det første steget i å skape ein moderne infrastruktur for handel, inkludert vegar, bruer, skular og sjukehus.[34]

Dei sameinte arabiske emirata endre

Dubai og dei andre Traktatstatane hadde lenge vore eit britisk proktektorat der britane tok seg av utanrikspolitikken og forsvaret, i tillegg til å mekle mellom regentane i emirata. Dette endra seg då statsminister Harold Wilson den 16. januar 1968 annonserte at alle britiske soldatar skulle trekke seg ut av området.[35]

Den 2. desember 1971 gjekk Dubai saman med Abu Dhabi, Sharjah, Ajman, Umm Al Qawain og Fujairah og danna Dei sameinte arabiske emirata. Det sjuande emiratet, Ras Al Khaimah, kom med i unionen den 10. februar 1972, etter at nabolandet Iran hadde annektert øyane Tunbs, som tidlegare hadde høyrt til emiratet.

Moderne Dubai endre

I 1970-åra fortsette veksten i Dubai med inntekter frå olje og handel. Grensestridane mellom emirata fortsette sjølv etter unionen var oppretta, men i 1979 vart dei endelege grensene fastsette.[36] Jebel Ali-hamna vart grunnlagd i 1979. JAFZA (Jebel Ali frisone) vart bygd kring hamna i 1985 og gav utanlandske selskap uavgrensa import av arbeidskraft og eksportkapital.[37]

Golfkrigen i 1990 hadde ein negativ økonomisk effekt på byen, sidan innskyttarar trekte pengane sine ut og handelsfolk slutta å handle. Byen kom seg raskt att og blømde. Seint i 1990-åra flytta mange utanlandske handelsselskap, først frå Kuwait under Golfkrigen, og sidan Bahrain, under sjiaopprøret, til Dubai.[26] Dubai var forsyningsbase for allierte styrkar ved Jebel Ali frisone under Golfkrigen, og igjen under invasjonen av Irak i 2003. Auken i oljeprisane etter Golfkrigen gjorde at Dubai framleis kunne fokusere på frihandel og turisme.[38]

Geografi endre

Denne videoen syner veksten i Dubai frå 2000 til 2011.
 
Bykart over Dubai
 
Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde om kvelden.

Dubai ligg ved Persiabukta i Dei sameinte arabiske emirata, omtrent 16 meter over havet. Emiratet Dubai deler grense med Abu Dhabi i sør, Sharjah i nordaust og sultanatet Oman i søraust. Hatta, er ein mindre eksklave i emiratet, som grensa til Oman på tre sider og emirata Ajman (i vest) og Ras Al Khaimah (i nord). Persiabukta ligg på vestkysten av emiratet.

Dubai ligg innafor Den arabiske ørkenen, men topografien skil seg frå den sørlege delen av landet, og mykje av landskapet i Dubai består av flekkar av sandørken, medan grusørkenar dominerer mykje av landet elles.[39] Sanden består hovudsakleg av kunste skjel og korallar og er fin, rein og kvit. Aust for byen ligg det saltsletter eller sabkha, som går over i sanddyner. Lenger aust vert sanddynene større og er farga raud av jernoksid.[32]

Den flate sandørkenen går over i dei vestlege Hajarfjella, som går langs grensa av Dubai med Oman ved Hatta. Hajarfjella har tørre, spisse fjelltoppar, med høgder opp til 1300 meter somme stader. Dubai har ingen naturlege elvar eller oasar, men har ei stor vik, Dubaivika, som er oppmudra nok til at store fartøy kan gå inn. Dubai har òg mange kløfter og vasshol, som ligg ved foten av Hajarfjella. Eit stort område med sanddyner dekkjer mykje av det sørlege Dubai og glir etter kvart over i ørkenen Rub' al Khali. Seismisk setter er Dubai i ein stabil sone og den nærmaste forkastinga, Zagrosforkastinga, ligg 200 km frå landet, og vil truleg ikkje ha noko innverknad på Dubai.[40] Ekspertar meiner òg at faren for ein tsunami i regionen er liten, fordi Persiabukta ikkje er djup nok til å utløyse ein tsunami.[40]

I sandørkenen kring byen veks det villgras og stundom daddelpalmar. Ørken-hyasintar veks på sabkha-slettene aust for byen, medan akasie og ghaf-tre veks på dei flate slettene i nærleiken av Al Hajar-fjella. Kragetrappe, stripete hyene, karakal, ørkenrev, falk og arabisk oryx er vanlege i Dubai-ørkenen. Mange trekkfuglar som fyk mellom Europa, Asia og Afrika stoppar i emiratet om våren og hausten, og ein har talt meir enn 320 forskjellige trekkfugl i området. I farvatnet utafor Dubai er det meir enn 300 fiskeartar. Ein finn mykje tropisk fisk, manetar, korallar, sjøku,d elfinar, kvalar og haiar i sjøen. Her finst òg somme skjelpadder, som karett og suppeskjelpadde, som begge er utryddingstrua.[41][42]

Dubaivika går noraust-sørvest gjennom byen. Den austlege delen avbyen dannar Deira og grensar til emiratet Sharjah i aust og byen Al Aweer i sør. Dubai internasjonale lufthamn ligg sør for Deira, medan Palm Deira ligg nord for Deira i Persiabukta. Det meste av utbygginga i Dubai skjer vest for Dubaivika, langs Jumeirah-kysten. Port Rashid, Jebel Ali, Burj Al Arab, Palm Jumeirah og temabaserte frisoner, som Business Bay, ligg alle i dette området.

Klima endre

Dubai har eit varmt ørkenklima. Somrane i Dubai er ekstremt heite, vindfulle og med høg luftfukt. På dagen er den gjennomsnittlege temperaturen rundt 41 °C og om natta ned mot 30 °C i den varmaste månade, august. Dei fleste dagane av året er solrike. Vintrane er varme med temperaturar kring 24 °C på dagen og 14 °C om natta i januar, som er den kaldaste månaden. Nedbørsmengdene er kring 94,3 mm i året.[43] Dubai-somrane er kjende for moderat til høg luftfukt, som kan vere ubehageleg for mange.[44] Den høgaste temperaturen som er målt i Dubai er 49 °C, i juli 2002.[45]

Vêrdata for Dubai
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 31,6 37,5 41,3 43,5 47 46,7 49 48,7 45,1 42 41 35,5 49
Gjennomsnittleg maks °C 23,9 25,4 28,4 33 37,7 39,5 40,9 41,3 38,9 35,4 30,6 26,2 33,4
Gjennomsnittleg min °C 14,3 15,5 17,7 21 25,1 27,3 30 30,4 27,7 24,1 20,1 16,3 22,5
Lågast målte °C 6,1 6,9 9 13,4 15,1 18,2 20,4 23,1 16,5 15 11,8 8,2 6,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 18,8 25 22,1 7,2 0,4 0 0,8 0 0 1,1 2,7 16,2 94,3
Gns. luftfukt (%) 65 65 63 55 53 58 56 57 60 60 61 64 60
Gns. solskinstimar i månaden 254,2 229,6 254,2 294 344,1 342 322,4 316,2 309 303,8 285 254,2 3 508,7
Kjelde: Dubai Meteorological Office[46]climatebase.ru (extremes, sun),[47] NOAA (fukt, 1974–1991)[48]


Demografi endre

Historisk folketal
År Innb.  ±%  
1822[49] 1 200—    
1900[50] 10 000+733.3%
1930[51] 20 000+100.0%
1940[49] 38 000+90.0%
1960[52] 40 000+5.3%
1968[53] 58 971+47.4%
1975[54] 183 000+210.3%
1985[55] 370 800+102.6%
1995[55] 674 000+81.8%
2005 1 204 000+78.6%
2014 2 250 000+86.9%

I 2013 var det berre 10-15 % av folkesetanden som var emiratarabarar,[56] medan resten er utlendingar som anten har vore i landet i generasjonar eller var fødde i Emirata.[57][58] Kring 85 % av utledingane (og 71 % totalt) var asiat, hovudsakleg indarar og pakistanarar.[59]

Økonomi endre

Dubai har ein av dei raskast veksande økonomiane i verda,[60] og bruttonasjonalprodukt var 107,1 mrd. dollar, med ein vekstrate på 6,1 % i 2014.[61] Sjølv om mykje av infrastrukturen vart med oljeinntekter,[62] står inntekter frå olje og naturgass i dag for mindre enn 5 % av inntektene til emiratet.[7] Det er estimert at Dubai produserer 50 000 til 70 000 fat olje per dag[63] og store mengder gass frå offshore-felta. Emiratet bidreg med kring 2 % av dei samla gassinntektene i landet. Oljereservane til Dubai har minka kraftig og er venta å vere tom innan 20 år.[64] Eigedom, bygg og anlegg (22,6 %),[9] handel (16 %), entrepôt (15 %) og finanstenester (11 %) bidreg mest til økonomien i Dubai.[65]

Turisme endre

Turisme er ein viktig del av økonomien i Dubai. Turistane kjem hovudsakleg for shopping,[66][67] men òg for å få med seg gamle og moderne attraksjonar. I 2013 var Dubai den 7. mest vitja byen i verda basert på lufttrafikk og vekst.[68] Dubai tok i mot over 15 million turistar i 2015.[69]

Dubai har blitt kalla «shopping-hovudstaden i Midtausten».[70] Dubai aleine har meir enn 70 kjøpesenter, inkludert det største kjøpesenteret i verda, Dubai Mall. Dubai er òg kjend for sine tradisjonelle marknader, soukar, som ligg på begge sider av vika. Ein finn mange butikkar og gullsmedar i byen. Dubai er blitt kalla «gullbyen» på grunn av dei mange gullsmedane.[71]

Dubai Creek Park i Dubaivina pelar ei viktig rolle for turismen i Dubai med mangen attraksjonar.[72]

Dubai-horisonten.

Arkitektur endre

Dubai har mange byggverk innan forskjellige arkitekturstilar. Ein finn mange moderne tolkingar av islamsk arkitektur. Arkitekteuren har bokstavleg talt blitt tatt til nye høgder og har fleire høge skyskraparar enn noko anna by i verda, mellom anna med den høgaste bygningen i verda, Burj Khalifa frå 2010, som er 829,8 meter høgt.[73] På toppen av Burj Khalifa ligg det høgaste observasjonsdekket i verda med ein utandørs terrasse som er ein av dei mest populære turistmåla i Dubai, med over 1,87 millionar vitjande i 2013.[74]

Andre bygg i Dubai er til dømes Burj Al Arab, eit luksushotell som ofte vert skildra som det einaste 7-stjernes hotellet i verda.[75]

Dubai Miracle Garden er ein 72 000 kvadratmeter stor blomsterhage, som opna i Dubailand. Det er i dag den største blomsterhagen i verda med over 45 millionar blomar. Hagen er stengd på sommartida, frå seint i mai til september.[76]

Samferdsle endre

Samferdsla i Dubai vert kontrollert av Roads and Transport Authority (RTA), eit statleg byrå i Dubai, som vart skipa i 2005.[77] Det er gjort store investeringa innan kollektivtrafikk dei siste åra.[78] I 2009 vart det estimert at det var litt over 1 million bilar i Dubai.[79]

Dubai internasjonale lufthamn er heimeflyplassen til Emirates Airlines og flydubai, og tener byen Dubai og andre emirat i landet. Flyplassen var den 7. mest travle i verda i 2014 med 70,4 millionar passasjerar. Flyplassen var òg den travlaste flyplassen i verda etter internasjonal flytrafikk.

Dubai Metro har i dag to linjer som går mellom dei store finans- og bustadområda i byen. Metrosystemet vart delvis opna i september 2009.[80] Metrosystemet har 49 stasjonar i alt fordelt på to linjer. Det er planlagt to linjer til. Dubai Metro er det første urbane tognettverket på Den arabiske halvøya.[81]

Høgsnøggleikstog endre

Dubai har annonsert at dei vil byggje eit høgsnøggleikstogsystem i landet, som etter kvart vil bli bygd ut i heile Golfrådet-området, og kanskje til Europa.[82]

Kultur endre

 
Ein tradisjonell souk i Deira.

Kulturen i Emirata er hovudsakleg basert på islam og tradisjonell arabisk kultur. Påverknaden av islam og arabisk kultur er stor i arkitektur, musikk, klede, mat og livsstil. Fem gonger kvar dag vert alle muslimar bede om å be frå minaretane i moskéar som er spreidde over heile landet. Sidan 2006 har helga vore fredag og laurdag, sidan fredagen er heilage for muslimar, i motsetnad til helga som er laurdag og søndag i Vesten.[83]

Arabisk mat er særs populær og tilgjengeleg i heile byen, frå små shawarma-kafear i Deira og Al Karama til restaurantane på Dubai-hotella. Ein finn snøggmat, sørasiatisk og kinesisk mat over heile byen. Sal og konsum av svin er lovleg, men regulert og berre seld til ikkje-muslimar i somme område av byen. Det same gjeld sal av alkohol. Shisha og qahwa er populære i Dubai. Dubai er kjend for nattelivet. Klubbar og barar finst på dei fleste hotell på grunn av alkohollovene.

Idrett endre

 
Dubai Tennis stadoin.

Fotball og cricket er dei mest populære idrettane i Dubai. Fem lag (Al Wasl FC, Al-Ahli Dubai, Al Nasr SC, Al Shabab Al Arabi Club og Dubai Club) representerer Dubai i den emiratarabiske eliteserien. Al-Wasl har vunne meisterskapen i Emiratane nest flest gonger, etter Al Ain. Dubai er vertskap for den årlege Dubai Tennis Championships og The Legends Rock Dubai, i tillegg til golfturneringa Dubai Desert Classic og Dubai World Championship, som trekkjer til seg stjerner frå heile verda. Dubai World Cup, er eit hesteløp som vert halde kvart år i Meydan Racecourse. Billøp er ein stor idrett i Dubai og det vert arrangert mange løp i Dubai Autodrome kvart år.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. Area of "Dubai emirate", includes artificial islands.
  2. «Dei sameinte arabiske emirata: storbyområde». World-gazetteer.com. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 7. juni 2016. 
  3. The Government and Politics of the Middle East and North Africa. D Long, B Reich. s. 157
  4. «The 2008 Global Cities Index». Foreign Policy. 15. oktober 2008. Arkivert frå originalen 20. mai 2010. Henta 7. juni 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Sampler & Eigner (2008). Sand to Silicon. UAE: Motivate. s. 11. ISBN 9781860632549. 
  6. DiPaola, Anthony (28. september 2010). «Dubai gets 2 % BNP from oil». Bloomberg. Henta 7. juni 2016. 
  7. 7,0 7,1 Oil share dips in Dubai BNP AMEInfo (9. juni 2007) Henta 7. juni 2016.
  8. Dubai economy set to treble by 2015 ArabianBusiness.com (3. februar 2007) Henta 7. juni 2016.
  9. 9,0 9,1 «Dubai diversifies out of oil». AMEInfo. 7. september 2005. Henta 7. juni 2016. 
  10. Mike Davis (2006) Fear and Money in Dubai, New Left Review 41, s. 47–68
  11. «Job losses hasten property decline in Dubai but medium-long term outlook upbeat». Propertywire.com. 3. desember 2008. Henta 7. juni 2016. 
  12. «Mohammad Bin Rashid approves Dubai’s budget for 2015». gulfnews.com. Henta 25. mai 2015. 
  13. Lucy Barnard (6. mars 2013). «Cost of living in Dubai rising rapidly - The National». Thenational.ae. Henta 7. juni 2016. 
  14. «Dubai second-most expensive city to stay in, report says». Henta 7. juni 2016. 
  15. Gillian Duncan (8. mars 2013). «Abu Dhabi and Dubai are best places to live in the Middle East, survey says - The National». Thenational.ae. Henta 7. juni 2016. 
  16. Alkaabi, Alyazya (July 2011). مسميات مناطق دبي قديماً [Old names areas of Dubai]. Al Jundi (på arabisk) (Ministry of Defense) 444: 76. 
  17. «Old Dubai». Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 7. juni 2016. 
  18. «How Did Dubai, Abu Dhabi and other Cities Get Their Names? Experts Reveal All». UAE Interact. 30. mars 2007. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 7. juni 2016. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «History and Traditions of the UAE» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 26. mars 2009. Henta 7. juni 2016. 
  20. «The old ... turned new». Travel & Culture. 25. oktober 2001. Henta 7. juni 2016. 
  21. 21,0 21,1 Ibrahim Al Abed, Peter Hellyer (2001). Dei sameinte arabiske emirata: A perspective. Trident Press. ISBN 978-1-900724-47-0. Henta 7. juni 2016. 
  22. 22,0 22,1 «The Coming of islam and the islamic Period in the UAE. King, Geoffrey R.» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 16. januar 2013. Henta 7. juni 2016. 
  23. 23,0 23,1 Heard-Bey, Frauke (1990). Frå Traktatstatane til Dei sameinte arabiske emirata. UK: Longman. s. 238. ISBN 0582277280. 
  24. Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960. UK: Archive Editions. s. 545. ISBN 9781852072759. 
  25. 25,0 25,1 «Modernity and tradition in Dubai architecture. Karim, Luiza». Alshindagah.com. Henta 7. juni 2016. 
  26. 26,0 26,1 Davidson, Christopher, The Emirates of Abu Dhabi and Dubai: Contrasting Roles in the International System. March 2007.
  27. "Dubayy". Encyclopædia Britannica. 2008
  28. «The UAE: Internal Boundaries And The Boundary With Oman. Archived Editions. Walker, J». Archiveeditions.co.uk. 18. februar 1969. Arkivert frå originalen 5. mai 2013. Henta 7. juni 2016. 
  29. The Middle East and Nord-Afrika. Schofield, C. p 175
  30. Wilson, Graeme (1999). Father of Dubai. UAE: Media Prima. s. 126. ISBN 9789948856450. 
  31. Wilson, Graeme (2008). Fly Buy Dubai. UAE: Media Prima. s. 58. ISBN 9789948859437. 
  32. 32,0 32,1 «Historic population statistics» (PDF). Henta 7. juni 2016. 
  33. Chapman, Len. «How Chicago Beach got its name...then lost it!». Dubai As It Used To Be. Henta 7. juni 2016. 
  34. Wilson, Graeme (1999). Father of Dubai. UAE: Media Prima. s. 151. ISBN 9789948856450. 
  35. Al Maktoum, Muhammed bin Rashid (2012). Spirit of the Union. UAE: Motivate. s. 27–39. ISBN 9781860633300. 
  36. Dubai. Carter, T and Dunston, L. Lonely Planet Publications
  37. «Free Zones in the UAE». uaefreezones.com. Henta 7. juni 2016. 
  38. Sampler & Eigner (2008). Sand to Silicon: Going Global. UAE: Motivate. s. 15. ISBN 9781860632549. 
  39. Environmental Development and Protection in the UAE Arkivert 2017-06-21 ved Wayback Machine.. Aspinall, Simon
  40. 40,0 40,1 Far enough from the fault lines. The National, 23. april 2008
  41. Flora and fauna of Dubai gowealthy.com
  42. Natural UAE Arkivert 2010-01-26 ved Wayback Machine. UAE Interact Henta 7. juni 2016
  43. «Climate in Dubai across the year. Dubai Meteorological office». Dubaiairport.com. Arkivert frå originalen 18. desember 2010. Henta 7. juni 2016. 
  44. «Temperature and Humidity in Dubai». Godubai.com. Henta 7. juni 2016. 
  45. «UAE weather: Temperature soars to near record level». thenational.ae. Henta 7. juni 2016. 
  46. «Climate (Average Temperatures:1984-2009;Precipitation:1967-2009)». Dubai Meteorological Office. Arkivert frå originalen 4. oktober 2013. Henta 20 December 2008. 
  47. «Dubai, Emirates». Climatebase.ru. Henta 10. februar 2013. 
  48. «Climate Normals for Dubai». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 10. februar 2013. 
  49. 49,0 49,1 Karin, Luiza (September 1999). «Modernity and tradition in Dubai architecture by Luiza Karim». alshindagah.com. Henta 7. juni 2016. 
  50. Hadjari, Karim. «3D Modelling and Visualisation OF Al Baskita in Dubai IN Dubai, United Arab Emerites» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. oktober 2006. Henta 7. juni 2016. 
  51. «Tourism in Dubai» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 3. april 2005. Henta 7. juni 2016. 
  52. Lahmeyer, Jan (2001). «The United Arab Emigrates – Historical demographical data of the urban centers». .populstat. Arkivert frå originalen 9. august 2010. Henta 7. juni 2016. 
  53. Heard-Bey, Frauke. «The Tribal Society of the UAE and its Traditional Economy» (PDF). uaeinteract.com. Arkivert frå originalen (PDF) 28. april 2011. Henta 7. juni 2016. 
  54. «Census 2005 U.A.E.». tedad.ae. Arkivert frå originalen 16. mai 2010. Henta 7. juni 2016. 
  55. 55,0 55,1 Younes, Bassem. «Roundabouts vs. Intersections: The Tale of Three UAE Cities» (PDF). ite.org. Henta 7. juni 2016. 
  56. «Dubai population jumps 4.8 per cent to 2.17m». UAE interact. Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 4. september 2014. 
  57. «Call to naturalise some expats stirs anxiety in the UAE». Reuters UK. Arkivert frå originalen 14. juli 2014. Henta 7. juni 2016. 
  58. «GCC Citizenship Debate: A Place To Call Home». Gulf Business. Arkivert frå originalen 1. september 2014. Henta 7. juni 2016. 
  59. «Country and Metropolitan Stats in Brief. MPI Data Hub
  60. Everington, John (27. mai 2016). «Dubai enters top five ranked fastest growing economies». The National. Henta 7. juni 2016. 
  61. «Dubai's gross domestic product is expected to reach USD 107.1 billion, posting a growth rate of 6.1 % i 2014 and exceeding Dubai government's estimates of 5%, according to Citibank.». Zawya Thomson Reuters. 14. juni 2014. Arkivert frå originalen 14. juni 2021. Henta 7. juni 2016. 
  62. «Dubai – Overview». USA Today. Henta 22. juli 2007. 
  63. «Dubai's oil discovery and Dubai's debt». Moneycontrol.com. 5. februar 2010. Henta 7. juni 2016. 
  64. «UAE Oil and Gas». Uae.gov.ae. 19. juni 1999. Arkivert frå originalen 5. juli 2008. Henta 7. juni 2016. 
  65. Prospects of Dubai Economic Sectors Arkivert 2008-02-16 ved Wayback Machine.. Dubai Chamber of Commerce. 2003
  66. «Bargain-hunting Fashionistas Descend onto Dubai». Bargain-hunting Fashionistas Descend onto Dubai. 17. mars 2012. Henta 17. mars 2012. 
  67. «Shopping in Dubai». Shopping Galore in Dubai. 17. oktober 2013. Arkivert frå originalen 17. oktober 2013. Henta 17. oktober 2013. 
  68. Jacobs, Deborah L. «Most Visited Cities In The World 2013». Forbes. Henta 19. mars 2014. 
  69. Raj (3. mars 2009). «Dubai can achieve 15m tourist target by 2015 – expert». Arabianbusiness.com. Henta 7. juni 2016. 
  70. Jacobs, Deborah L. «Most Visited Cities In The World 2012». forbes. Henta 2. desember 2013. 
  71. Krane, Jim (September 2009). City of Gold: Dubai and the Dream of Capitalism. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-53574-2. 
  72. «Dubai Creek Park», arkivert frå originalen 20. februar 2016, henta 7. juni 2016 
  73. «Design of Burj Khalifa». Burjkhalifa.ae. Arkivert frå originalen 28. februar 2011. Henta 7. juni 2016. 
  74. «Burj Khalifa records over 1.87 million visitors i 2013.». khaleejtimes.com. 
  75. «Hotel star ratings standards long overdue». The National. 14. juli 2009. Henta 10. desember 2010. 
  76. «World's Largest Natural Flower Garden Opens in Dubai». 13. mars 2013. Arkivert frå originalen 11. november 2014. Henta 7. juni 2016. 
  77. http://www.rta.ae
  78. «Gulfnews: Dubai traffic woes inflict losses of Dh4.6b a year». Archive.gulfnews.com. Arkivert frå originalen 25. august 2009. Henta 7. juni 2016. 
  79. «Gulfnews: Public transport regains allure as Car-free Day gets under way». Archive.gulfnews.com. 128. juni 2016. Henta 7. juni 2016. 
  80. «Dubai RTA – Dubai Metro – Blue Line». zawya. 11. september 2009. Arkivert frå originalen 17. juni 2011. Henta 7. juni 2016. 
  81. «Will metro change Dubai car culture?». BBC News. 11. september 2009. 
  82. «GCC Rail Network». zawya projects. 14. april 2010. Arkivert frå originalen 17. juni 2011. Henta 7. juni 2016. 
  83. Jonathan sjeik-Miller. «UAE Weekend Switchover». AMEinfo. Henta 7. juni 2016. 
  84. «Twinning agreement brings a taste of Spania to Dubai UAE – The Official Web Site – News». Uaeinteract.com. Henta 7. juni 2016. [daud lenkje]
  85. 85,0 85,1 International Travel Tours (n.d) «Dubai Sister Cities» http://www.international-travel-tours.com/dubai/sister-cities.html Arkivert 2019-11-12 ved Wayback Machine.
  86. «Dubai, Detroit ink sister-city accord UAE – The Official Web Site – News». Uaeinteract.com. Arkivert frå originalen 30. april 2013. Henta 7. juni 2016. 
  87. «Online-Datenbank» (på tysk). Frankfurt am Main: Rat der Gemeinden und Regionen Europas. Henta 7. juni 2016. 
  88. «Dubai, Granada discuss cooperation UAE – The Official Web Site – News». Uaeinteract.com. Arkivert frå originalen 15. juni 2013. Henta 7. juni 2016. 
  89. «Guangzhou Sister Cities [via WaybackMachine.com]». Guangzhou Foreign Affairs Office. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 21. juli 2013. 
  90. «Los Angeles cultural body takes Dubai as sister city UAE – The Official Web Site – News». Uaeinteract.com. Arkivert frå originalen 30. april 2013. Henta 7. juni 2016. 
  91. «Phoenix Sister Cities». Phoenix Sister Cities. Arkivert frå originalen 24. juli 2013. Henta 6. august 2013. 
  92. «Dubai partners with the U.S. city of Phoenix UAE – The Official Web Site – News». Uaeinteract.com. Arkivert frå originalen 30. april 2013. Henta 7. juni 2016. 
  • Denne artikkelen bygger på «Dubai» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2016.
  • Syed Ali. Dubai: Gilded Cage (Yale University Press; 2010) 240 pages. Focuses on the Arab emirate's treatment of foreign workers.
  • Heiko Schmid: Economy of Fascination: Dubai and Chicago as Themed Urban Landscapes, Berlin, Stuttgart 2009, ISBN 978-3-443-37014-5.
  • John M. Smith: Dubai The Maktoum Story, Norderstedt 2007, ISBN 3-8334-4660-9.

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Dubai frå Wikivoyage