Kharimkotan
Kharimkotan (russisk Харимкотан) er ei vulkanøy om lag 13 km frå Onekotan i Kurilane. Øya høyrer til Sakhalin oblast i Russland. Ho er 12 km lang og 8 km brei og har eit areal på 68 km².
Kharimkotan | |||
fjell | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kurilane | ||
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 1 145 moh. | ||
Areal | 68 km² | ||
Folketal | 0 (2010) | ||
Siste utbrot | 1933 | ||
Koordinatar | 49°07′12″N 154°30′29″E / 49.12°N 154.508°E | ||
Kharimkotan 49°07′00″N 154°32′00″E / 49.116666666667°N 154.53333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Kharimkotan |
Øya vart danna av vulkanen med same namn som øya. Vulkanen har ei høgd på 1157 meter over havet. På toppen ligg to hesteskoforma krater som oppstod då dei øvre fjellsidene av vulkanen kollapsa. Andre spor på denne kollapsen finn ein på aust- og nordvestsida av øya som består av laus stein. Den andre vulkanen på øya, Severgin, kollapsa i 1933 og skapte ein tsunami. Dette raset er synleg på satellittbilete.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:Kharimkotan» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Global Volcanism Program Arkivert 2009-06-21 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: