Opna hovudmenyen

Khawr al Udayd (arabisk خور العديد), òg skrive Khor al Adaid, er namnet på ei bukt i Persiabukta og ein busetnad her som ligg i Al Wakrah kommune søraust i Qatar, på grensa til Saudi-Arabia.

Khawr al Udayd
bukt
QatarOMCmap.png
Kart over Qatar. Khawr al Udayd ligg i søraust.
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia, Flag of Qatar.svg Qatar
Koordinatar 24°37′48″N 51°17′46″E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

Khawr al Udayd var i lang tid tilfluktsstad for sjørøvarar frå Abu Dhabi. Medlemmar av Bani Yas-stamma flytta og slo seg ned i området ved to høve: i 1835 og 1849.[1] Ein av dei meir kjende innbyggjarane i 1835 var piraten Jasim bin Jabir. Innbyggjarane aust i Qatar var delaktige i plyndringane til piratane i Khawr al Udayd av fartøy langs kysten av Abu Dhabi, og ein styrke frå den britiske marinen vart send til staden i 1836 for å ta sjørøvarane. Britane gav ordre til høvdingane i dei største byane i Qatar om å la vere å sende forsyningar til piratane og bad dei å beslagleggje båtane deira.[2] I tillegg sette den britiske marinestyrken brann på eit av piratskipa. Jassim bin Jabir flytta derfor til Doha i september 1836.[3]

På midten av 1800-talet var busetanden ved Khawr al Udayd busett av kring 200 folk frå Bani Yas-stamma, som eigde i alt 30 perleskip. Området var godt verna med ein liten festning med to tårn i midten av byen.[1]

I 1878 la britane og Abu Dhabi planar om å invadere Khawr al Udayd for å stoppe piratveksemda til innbyggjarane. Som svar truga Jassim bin Mohammed Al Thani med å okkupere Khawr al Udayd.[1] Dette enda med full krig mellom Abu Dhabi og Qatar som varte fram til seint i 1880-åra.[4]

TurismeEndra

 
Stranda i Khawr al Udayd.

Stranda i Khawr al Udayd er eit populært turistmål i Qatar.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Moorehead, John (1977). In Defiance of The Elements: A Personal View of Qatar. Quartet Books. s. 54. ISBN 9780704321496. 
  2. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [797] (952/1782)». Qatar Digital Library. Henta 29. desember 2015. 
  3. «'Gazetteer of Persiabukta. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [798] (953/1782)». Qatar Digital Library. Henta 29. desember 2015. 
  4. Moorehead, John (1977). In Defiance of The Elements: A Personal View of Qatar. Quartet Books. s. 56. ISBN 9780704321496. 
  5. «Tourism». Ministry of Foreign Affairs. Henta 29. desember 2015. 

BakgrunnsstoffEndra