Khazarisk
Klassifisering: Altaisk
 Tyrkisk
  Oghur-språk
   Khazarisk
Bruk
Utdøydd: mellom 1000 og 1300
Språkkodar
ISO 639-3: zkz

Khazarisk er eit utdøydd tyrkisk språk. Det var språket til khazarane, eit halv-nomadisk folk som hadde opphavet sitt blant tyrkiske folkeslag i Sentral-Asia. Språket er òg omtalt som khazari.

Det har i lang tid vore diskusjon kva for ei grein av dei tyrkiske språka khazarspråket tilhøyrde, eller om det i det heile var eit tyrkisk tungemål. Nokre forskarar har kome med framlegg om ein iransk eller kaukasisk-språkleg tilknyting. Arabiske lærde i mellomalderen klassifiserte khazarisk som eit språk som likna på og likevel var klårt avgrensa frå den typen tyrkiske språk som vart snakka av andre tyrkiske folk dei kjende til, som til dømes oghuz-tyrkarar. I dag er forskarane samd at khazarene talte eit oghur-tyrkisk språk som tilsvarte hunisk og språket til dei tidlege bulgarerne, moglegvis påverka av gammal-tyrkisk og uigurisk.

I dag er det få attlevande døme på khazarisk språk, først og fremst det som har overlevd i dei historiske kjeldene. 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur

  • Brook, Kevin Alan (2006): The Jews of Khazaria. 2nd eid. Rowman & Littlefield Publishers, Inc.
  • Dunlop, Douglas Morton (1954): The History of the Jewish Khazars, Princeton, N.J.: Princeton University Press.
  • Golb, Norman & Pritsak, Omeljan (1982): Khazarian Hebrew Documents of the Tenth Century. Ithaca: Cornell Univ. Press.
  • Golden, Peter B. (1980): Khazar Studie sin: An Historio-Philological Inquiry into the Origins of the Khazars. Budapest: Akademia Kiado.

Nettstader