Khumbu er eit område i Nepal. Saman med Solu og Pharak er det det viktigaste sherpaområdet i Himalaya. Khumbu ligg i det nordaustlege Nepal, og inneheld byen Namche Bazaar og landsbyane Thami, Khumjung, Pangboche og Kunde. Det berømte buddhist-tempelet i Tengboche ligg også i Khumbu.

Namche Bazaar i Khumbu.
Tenzing-Hillary lufthamn.

På grunn av plasseringa i Himalaya, stig Khumbu-landskapet dramatisk – frå 3 300 meter og heilt til toppen av verdas høgste fjell, Mount Everest, 8 850 meter over havet. Sagarmatha nasjonalpark ligg også innanfor Khumbu-regionen.

Det finst ei lufthamn rett ved Khumbu, Tenzing-Hillary lufthamn, òg kjend som Lukla lufthamn. Ho vert rekna som ei av dei farlegaste lufthamnene i verda.[1]

Administrativt ligg Khumbu i distriktet Solukhumbu, Shagramatha sone i austregionen.

Kjelder endre

  1. Nikel, David, «Lukla: The World's Most Dangerous Airport», Forbes (på engelsk), henta 26. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff endre