Qi i kinesisk filosofi

(Omdirigert frå Ki)

Qi, chi eller ki (med forenkla kinesiske skriftteikn 气, tradisjonelle 氣) tyder 'pustekraft, livskraft' eller 'naturleg energi' og er i følgje kinesisk kultur ein rytmisk gjennomstraumande energi i alle levande vesen og i all materie. Direkte omsett tyder ordet vatn, luft, damp eller ande. Det kinesiske skriftteiknet for qi er eit samansett teikn: «damp frå kokande ris».

Det tradisjonelle kinesiske skriftteiknet for qi.

Qi er eit viktig element i kinesisk kosmologi, tradisjonell kinesisk medisin og i mange austlege kampaktivitetar. Qi spelar såleis ei sentral rolle i akupunktur, qigong og feng shui og for kampaktivitetar som til dømes kung fu og aikido.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre