Opna hovudmenyen
Kiek in de Kök

Kiek in de Kök (norsk: Ein kik inn på kjøkkenet) er eit festningstårn i Tallinn, hovudstaden i Estland.

Namnet er ikkje heilt unikt; det er eit nedertysk namn som i mellomalderen vart teke i bruk også fleire stader om konkrete festningstårn. Ein kunne frå desse høge byggverka så å seie kike inn på kjøkkena til borgarane i husa nedanfor.

Det aktuelle tårnet i Tallinn er ein del av festningsverket til borga Castrum Danorum. Det vart bygt som kanontårn seint på 1400-talet, om lag i 1475. Tårnet er 49,4 meter høgt, har ein diameter på 17 m, og murane er 3–4 m tjukke. Det var i si tid det største av sitt slag i Nord-Europa.

Under Livlandskrigen vart tårnet delvis øydelagt, men vart seinare gjenoppbygt. I dag er det mura inn kanonkuler i veggene som minne om skadane. Det er no heilt restaurert til den utsjånaden det hadde på 1600-talet, og husar ein del av bymuseet i Tallinn, med ei utstilling om Tallinn si utvikling og militære historie.

BakgrunnsstoffEndra