Opna hovudmenyen

Plattysk, nedertysk eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland. Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til å få svært sterk innverknad på dei skandinaviske språka.

Plattysk
(Plattdüütsch, Platt, Nedderdüütsch)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
Bruk
Tala i: Tyskland, Nederland, Brasil, USA, Argentina, Paraguay, Uruguay, Canada, Mexico
Område: Nord-Europa
Plattysktalande i alt: 5 millionar
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: -
ISO 639-2: nds
ISO 639-3: nds

Plattysk skil seg ut frå høgtysk ved at den høgtyske konsonantforskyvinga ikkje har funne stad, og stort sett òg ved mangelen av diftongisering av dei gamle lange vokalane î og û.

Nedertysk kan delast i tre greiner: Nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.

Engelsk og frisisk er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).

Innhaldsliste

Utbreiing til andre områdeEndra

I hansatida var nedertysk lingua franca i heile Austersjøområdet, noko som i stor grad har prega utviklinga av dei skandinaviske språka. Ein reknar med at mellom 30 og 40 prosent, eller meir, av det daglege norske vokabularet er av nedertysk opphav.[1]

Utvandring til Amerika og i nokre høve eksistensen av religiøse samfunn som mennonittar har ført til at språket blir tala i land som Canada, USA, Mexico, Sør-Afrika, Sentral-Asia, Bolivia, Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay.

HistorieEndra

Plattysk stammar frå mellomnedertysk som blir datert til tida mellom 1150 og 1600. Dette språket igjen utvikla seg frå gammalnedertysk eller gammalsaksisk.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Arne Torp. «Nordiske språk i fortid og nåtid». Nordisk språkhistorie. Norden.no. Arkivert frå originalen 2016-04-29. 
  2. Cathrine Theodorsen (20. februar 2018). «Middelnedertysk». Store norske leksikon. Henta 9. august 2018. 

BakgrunnsstoffEndra