Kigoma er ein administrativ region i Tanzania. Regionhovudstaden er Kigoma. Regionen grensar til Kagera i nord, Shinyanga og Tabora i aust og Rukwa i sør. I vest har han kyst mot Tanganyikasjøen, som utgjer den tanzanianske grensa mot Den demokratiske republikken Kongo, og i nordvest grensar han til Burundi.

Kigoma
Mkoa wa Kigoma
region
Land  Tanzania
Areal 45 066 km²
Folketal 2 127 930 (2012)[1]
Tidssone EAT (UTC+3)
Kart
Kigoma-regionen
5°S 30°E / 5°S 30°E / -5; 30
Wikimedia Commons: Kigoma Region

Regionen har eit areal på 45 066 km², der Tanganyikasjøen utgjer 8 029 km². Kigoma er den niande største regionen i landet etter areal. Ved folketeljinga i 2012 hadde regionen eit folketal på 2 127 930 innbyggjarar.

Distrikt endre

Regionen Kigoma er administrativt delt inn i seks distrikt. Innbyggjartala nedanfor stammar frå folketeljinga i 2012.

Distrikt i Kigoma
Namn Innbyggjartal
Buhigwe 000000000254342.0000000000254 342
Kakonko 000000000167555.0000000000167 555
Kasulu 000000000634038.0000000000634 038
Kibondo 000000000261331.0000000000261 331
Kigoma 000000000427024.0000000000427 024
Uvinza 000000000383640.0000000000383 640
Totalt 000000002127930.00000000002 127 930

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kigoma-regionen