Kija (russisk Ки́я) er ei elv i Tomsk og Kemerovo oblast i Russland og ei av sideelvane til Tsjulym frå venstre i nedslagsfeltet til Ob. Elva er 548 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 200 km².

Kija
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 32 200 km²
Lengd 548 km
Kjelde Kuznetsk Alatau
Munning Tsjulym
Kart
Kija
56°51′11″N 86°39′54″E / 56.8531°N 86.665°E / 56.8531; 86.665
Wikimedia Commons: Kiya River

Elva spring ut frå fjellkjeda Kuznetsk Alatau og renn nord-nordvestover. Ho munnar ut i Tsjulym rundt 40 kilometer oppfor byen Asino.

Dei viktigaste sideelvane er Tjazjin og Tsjet frå høgre, og Kozjakh og Antibes frå venstre.

Byen Mariinsk ligg ved Kija.

Kjelder

endre