Kim Jong-un
nordkoreansk politikar
Kim Jong-un (fødd i 1983 eller tidleg i 1984) har vore de facto diktator i Nord-Korea sidan 17. desember 2011. Kim Jong-un er den tredje yngste sonen til Kim Jong-il, tidlegare leiar i Nord-Korea. Frå 2010 vart han sett på som arvtakar til leiinga av Nord-Korea. Etter at faren døydde vart han utropt til «Den store etterfølgjaren» av nordkoreansk fjernsyn, og vart då de facto leiar i landet.
Kim Jong-un
김정은 | |||
| |||
Fødd | 8. januar 1984 (40 år) Pyongyang | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Nord-Korea | ||
Parti | Det koreanske arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Kim Il-sung-universitetet Kim Il-sung militæruniversitet Liebefeld-Steinhölzli State School | ||
Mor | Ko Young-hee | ||
Far | Kim Jong-il | ||
Ektefelle | Ri Sol-ju | ||
Barn | Kim Ju-ae, Kim Jong-ju | ||
Alle verv |
Kim er Daejang, tilsvarande general, i Den koreanske folkehæren og nestleiar i den sentrale millitærkommisjonen. Det er ikkje kjent nøyaktig når Kim vart fødd, men det er anten i 1983 eller tidleg i 1984. Nokre kjelder gjev opp datoen til 8. januar 1984.
Han gjekk på den engelskspråklege International School of Berne i Sveits inntil 1998.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kim Jong-un» frå Wikipedia på engelsk, den 20. desember 2011.