Kim Leine
Kim Leine Rasmussen (fødd 28. august 1961) er ein dansk-norsk romanforfattar fødd i i Bø kommune i Telemark.[1] Leine flytta til Danmark 17 år gamal og utdanna seg til sjukepleiar. Seinare flytta han til Grønland kor han budde i 15 år. I 2004 vendte han att til Danmark og i 2007 debuterte han med romanen Kalak i 2007.
Kim Leine | |
Kim Leine i 2014 Foto: Amrei-Marie
| |
Nasjonalitet | Dansk |
Statsborgarskap | Noreg, Kongeriket Danmark |
Fødd | 28. august 1961 (63 år) Bø i Telemark |
Yrke | Forfattar |
Prisar | Nordisk råds litteraturpris i 2013 |
Debut | Romanen Kalak i 2007 |
Kim Leine på Commons |
I 2012 gav han ut romanen Profeterne i Evighedsfjorden. Den vart same år lønna med Jytte Borberg-prisen, Politikens Litteraturpris og Statens Kunstfondonds Produktionspræmie. Seinare vart boka tildelt De Gyldne Laurbær og Radioens romanpris.[2]
I 2013 fekk han Nordisk Råds litteraturpris for boka.[3]
Referansar
endre- ↑ Kim Leine, forfatterweb.
- ↑ Kim Leine frå Litteraturpriser.dk
- ↑ Dansk-norsk vinner av Nordisk råds litteraturpris