Kim Zmeskal
Kimberly Lynn Zmeskal (fødd 6. februar 1976) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Houston i Texas. Ho vart verdsmeister 1991 i mangekamp og 1992 på bom og i frittståande.
Kim Zmeskal | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. februar 1976 (48 år) Houston |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 1992 |
Zmeskal gjekk heilt til topps i mangekampen under verdsmeisterskapen 1991 i Indianapolis. I den same meisterskapen fekk ho sølv i lagtevlinga med USA sitt mannskap, og ho tok bronsemedaljen i frittståande. Året etter sigra ho både i bom-øvinga og i frittståande ved Turn-VM 1992 i Paris. Nokre månader seinare kom ho og USA sitt lag på bronseplassen i lagtevlinga i Sommar-OL i Barcelona, individuelt enda ho på sjetteplass i frittståande.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kim Zmeskal» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2022.