Kinasjakk er eit brettspel som kan spelast av to til seks personar samstundes. Spelet går ut på at spelarane flyttar dei ti brikkene sine over til motsett side av brettet. Det kan gjerast ved å flytte ei brikke eit steg lenger fram om gongen, eller hoppe over andre brikker og soleis flytte fleire steg. Spelaren kjem lengst mogleg på færrast trekk gjennom å hoppe over andre brikker.

Brettspelet Kinasjakk.
I kinasjakk er det to måtar å flytte brikker på.

Trass namnet har kinasjakk ikkje opphav i Kina. Det er heller ikkje ein variant av sjakk. Spelet vart oppfunne i Tyskland i 1893, under namnet Stern-Halma. Stern tyder 'stjerne' på norsk. «Stern-Halma» var ein variant av spelet Halma som nytta eit stjerneforma brett i staden for det tradisjonelle kvadratiske brettet. Då spelet kom til USA i 1928, fekk spelet namnet «Hop Ching Checkers» som eit marknadsføringstriks.

Litteratur endre

  • Bernardo Johns, Stephanie; The Ethnic Almanac. Doubleday Publishing (1981). ISBN 0-385-14143-2