King Cliffs
King Cliffs er nokre isdekte klipper, med mange klippeframspring, på sørsida av den større, nordlege armen av Morganfjorden på Thurston Island. Klippene vart først undersøkt av geologar under U.S. Navy Bellingshausen Sea Expedition i februar 1960. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Charles E. King, ein geolog som deltok i landmålinga av Ellsworth Land og som arbeidde ved desse klippene i 1968-69.
King Cliffs | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 72°18′S 96°7′W / 72.300°S 96.117°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
King Cliffs 72°18′00″S 96°07′00″W / 72.3°S 96.1167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «King Cliffs» (innhald frå Geographic Names Information System).