Kingston Parish
Kingston Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica. Det er det minste fylket på øya, og omfattar berre delar av hovudstaden Kingston.
Kingston Parish | |||
fylke | |||
Land | Jamaica | ||
---|---|---|---|
Region | Surrey | ||
Hovudstad | Kingston | ||
Areal | 25 km² | ||
Folketal | 89 057 (2011[1]) | ||
Kingston Parish 17°58′00″N 76°48′00″W / 17.966666666667°N 76.8°W | |||
Kart som viser Kingston Parish.
|
Fylket ligg ved sørkysten, noko aust av øya. Det grensar til Saint Andrew Parish på alle sider, men har kyst mot det karibiske havet i sør. Dei to fylka dannar saman Kingston and St. Andrew Corporation.[2]
Kingston Parish er 25 km² stort, og hadde eit folketal på 89 057 ved folketeljinga i 2011. Storbyområdet Kingston hadde til motsats 662 426 innbyggjarar.[1]
I fylket finn ein Kingston sentrum og områda Tivoli Gardens, Denham Town, Rae Town, Kingston Gardens, National Heroes Park, Bournemouth Gardens, Norman Gardens, Rennock Lodge, Springfield og Port Royal, i tillegg til delar av Rollington Town, Franklyn Town og Allman Town.[3][4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Population usually resident in Jamaica. by parish":2011». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015.
- ↑ KSAC History, arkivert frå originalen 13. april 2017, henta 8. desember 2017
- ↑ «Electoral Commission of Jamaica». Arkivert frå originalen 5. januar 2012. Henta 8. desember 2017.
- ↑ «University of Texas, Perry-Castañeda Library Map Collection».
- Denne artikkelen bygger på «Kingston Parish» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2017.