Jamaica

(norsk: Jamaica, jamaikansk/jamaicansk)

Det jamaikansk/jamaicanske flagget Det jamaikansk/jamaicanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Jamaica, Land We Love»
Motto Engelsk: Out of Many One People (Av mange, eitt folk
Geografisk plassering av Jamaica
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Kingston
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Elisabeth II
Patrick Allen
Portia Simpson Miller
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
10 991 km² (162.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing
 – Tettleik
 
2 990 561 (137.)
2 607 632
272,1 /km² (31.)
Sjølvstende
gjeve
Frå Den vestindiske føderasjonen og Storbritannia
6. august 1962
Nasjonaldag Første mandag i august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
24 600 mill. USD (133.)
9 800 USD (113.)
Valuta Jamaikansk dollar
Tidssone UTC -5
Telefonkode +1-876
Toppnivådomene .jm


Jamaica er eit øyrike i det karibiske havet som ligg like sør for Cuba og vest for Hispaniola, øya delt av Haiti og Den dominikanske republikken. Øya var britisk koloni frå 1665 til 1962, og er i dag med i det britiske samveldet. Øya er kjend for å ha gjeve opphav til rastafarianismen, og til musikkstilane reggae og ska.

Jamaica tilhøyrer øygruppa Dei store Antillane, og er den tredje største øya i Det karibiske havet etter Cuba og Hispaniola. Landet omfattar òg nokre små, folketeomme øyar i sør.

Dei første innbyggjarane på Jamaica var tainoar, ei folkegruppe som var i slekt med arawakane. Namnet deira på øya var Xaymayca.[1] Kristoffer Columbus var den første europearen som kom til Jamaica i 1494. Han kalla øya «Santiago».

Geografi endre

 
Topografi

Jamaica er ein del av ryggen av ei undersjøisk fjellkjede. Halve arealet er dekt av tjukke kalksteinslag. Det finst fleire parallelle fjellkjeder i retning vest-aust. Den høgaste fjelltoppen er Blue Mountain Peak, som ligg 2256 meter over havet. Fjella ligg midt i landet og er innrama av ei smal kyststripe. Dei fleste strendene, som er kvite og fine, ligg på nord- og vestkysten.

Klima endre

 
Orkanen Dennis mellom Jamaica og Haiti i 2005.

Jamaica har eit tropisk klima på kysten og i låglandet, men meir temperert klima i høgda. I låglandet er årsmiddeltemperaturen 26-27 °C, og denne endrar seg lite gjennom året. I høgareliggande område er temperaturen og luftfukta lågare. Kinsgston har kring 25 °C i middel i januar og februar og 29 °C i august.

Nedbørstilhøva er prega av topografien på øya. Låglandet i sør ligg i regnskuggen for fjella og får 750–1500 mm i året. Mest nedbør kjem det her om sommaren. Nord- og austvendte fjellskråningar kan få opptil 5000 mm nedbør i året i samband med dei nordaustlege vindane om vinteren og våren. Frå august dominerer austlege og søraustlege vindar, men tropiske stormar kan i denne perioden medføre store øydeleggingar.

Vegetasjon endre

Mykje av den opphavlege vegetasjonen er blitt utsletta i låglandet, og tidlegare voks det mykje skog her. På den nordlege delen av øya er det regnskog, men lenger ned er mykje av regnskogeen erstatta av bananplantasjar. Det finst over 3000 blomsterartar på Jamaica.

Dyreliv endre

Dei einaste opphavlege landpattedyra som framleis finst på øya, er 24 artar av flaggermus og hutiaen Geocapromys brownii. Hutiaen er ein stor gnagar i beverrottefamilien, og var tidlegare ettertrakta på grunn av kjøtet. Fem pattedyrartar er nyleg utdøydde, apen Xenothrix mcgregori og gnagarane Oryzomys antillarum, Clidomys osborni, Xaymaca fulvopulvis og ein gnagar som ikkje er vitskapleg skildra.[2] I 1872 blei indisk mungo innført som eit ledd i kampen mot slangar og mot rottene som tidlegare hadde følgt med menneska hit.

Jamaica har vel 200 fuglearter.

Historie endre

1400-talet og 1500-talet endre

 
Dei store Antillane på Cantino-kartet frå 1502.

I 1494 kom Kristoffer Columbus til øyane for første gong. Det var byrjinga på slutten for tainofolket på Jamaica, delvis som følgje av kopparviruset som spanjolane førte med seg, og delvis på grunn av den dårlege handsaminga til kolonistane av dei tainoanske innbyggjarane. Tainofolkesetnaden var halvert allereie i 1598.[3]

Spanjolane slo seg etter kvart ned på øya og byrja med landbruk, hovudsakleg med storfe- og grisehald. Frå 1520-åra blei det oppretta sukkerrøyrplantasjer, noko som deretter dominerte økonomien på øya i fleire hundre år. Det blei innført store mengder slavar frå Afrika, og dette har prega folkesetnaden på øya sidan.

1600-talet endre

I 1654 erobra britiske styrkar øya etter ein hard, men nyttelaus væpna motstand frå spanjolane som budde på øya. Ei stor gruppe rømde slavar (maroonar) heldt fram å ha frie liv i fjella, og lét seg like lite kua av britane som av spanjolane.

Britane investerte i produksjon av kakao, kaffi og endå meir sukkerrøyr, og dette gav dei rike inntekter. Men på grunn av stadige krigar med skiftevis Frankrike og Spania fekk sjørøvarar kontroll over øya. Sjørøvarane var ei gruppe som bestod av politiske flyktningar og rømde kriminelle. Jamaica var eit utmerka utgangspunkt for plyndringstokt mot dei spanske gallionane som frakta sølv og gull frå Mexico og Peru (via Panama). Britane bytta mellom å støtta sjørøvarane og å hjelpa spanjolane med å driva dei attende, alt ettersom Storbritannia og Spania var i krig eller hadde inngått fredsavtale. Sjørøvarstaten fekk likevel ein alvorleg knekk etter eit jordskjelv i 1692 som førte til at hovudstaden Port Royal forsvann i havet. Deretter tok britane tilbake kontrollen over øya og gjorde slutt på sjørøvarverksemda. Britane gjenoppretta slaveøkonomien på øya, med store sukkerrøyrplantasjar som grunnlag.

1700-talet endre

 
Rose Hall i Montego Bay. Det store plantasjehuset blei bygd på 1770-talet. Skildring frå 1820-talet.

Slavane gjorde likevel hyppig opprør mot britane. Rømde slavar slo seg saman med etterkommarane av maroonane, og tvinga britane til å gje dei sjølvstyre i 1739.

Britane heldt fram å henta nye slavar til øyane, og dei nye slavane blei sette til å arbeida på sukkerplantasjar under skrekkelege tilhøve og med harde straffer mot ulydnad. Slaveopprøra heldt fram, særleg etter at den amerikanske frigjeringskrigen (1775–81) og den franske revolusjonen (1789) forsterka fridomstrongen til slavane.

1800-talet endre

 
Skildring av Harbour Street i Kingston frå 1820-talet.

Det siste og største av slaveopprøra på Jamaica var «the Christmas Rebellion» i 1831. Det var inspirert av «Daddy» Sam Sharpe, ein utdanna slave og predikant som gjorde passiv motstand. Opprøret utvikla seg til å bli svært valdsamt, og heile 20 000 slavar raserte plantasjar og drap plantasjeeigarane. 400 slavar blei hengde, og mange fleire piska som straff. Britiske styresmakter stansa fleire slike opprør ved å gje slavane på Jamaica fridom 1. august 1834.

[[Fil:Kinderen bij lemen hut, Jamaica, 1898-99 (RHCL, VKG 236).jpg|mini|venstre|Tre barn utanfor eit hus ved slutten av 1800-talet.

Overgangen frå slaveøkonomi til ein økonomi basert på betalt arbeid forårsaka økonomisk kaos. Dei fleste frigjevne slavane skydde plantasjearbeid og valde å leva av sjølvbergingsjordbruk.

Sjølv om slaveriet var oppheva og dei tidlegare slavane var blitt frie, var det framleis dei kvite plantasjeeigarane som dominerte samfunnet, og berre godseigarar som hadde røysterett. Mulattar fekk røysterett i 1830, og liberale mulattar tok opp kampen for dei undertrykte på 1860-talet.

Då ein marineblokade kutta livsviktige forsyningar under den amerikanske borgarkrigen (1861–65), tippa det over for den svarte folkesetnaden. I desperasjon over tilhøva og urettvisa braut det ut eit nytt opprør, leidd av baptist-diakonen Paul Bogle. Guvernør Edward Eyre og tilhengarane hans fekk slutt på opprøret, og Bogle blei hengd. Fleire hundre andre blei avretta og piska, og fleire tusen heimar blei raserte som hemn. Den brutale undertrykkinga førte til sterk kritikk i England, der opinionen kravde anstendig styre av Jamaica. Dette blei byrjinga på ein epoke med ei rekkje liberale guvernørar.

I 1872 blei Kingston hovudstaden på Jamaica.

1900-talet endre

 
Jamaicansk frimerke påtrykt teksten «sjølvstende 1962».

Ein økonomi basert på bananplantasjar skapte ein jamn vekst, som enda brått i nedgangstidene på 1930-talet. Økonomien kom fort i gang igjen under andre verdskrigen, då Dei karibiske øyane forsynte Storbritannia med mat og råmateriale.

I 1944 ramma ein svoltkatastrofe Jamaica. Øya fekk fullt sjølvstyre frå Storbritannia i 1947, og etter ei folkerøysting trekte Jamaica seg ut frå Vestindiaføderasjonen i 1962.

Sjølvstendepolitikken har hovudsakleg gått i arv frå Alexander Bustamante og Norman Manley. Bustamante danna den første handelsunionen i Karibia rett før andre verdskrigen; seinare danna han Jamaican Labour Party (JLP). Manley danna det første jamaicanske politiske partiet, People's National Party (PNP).

Michael Manley, som var sonen til Norman, leidde PNP gjennom demokratisk sosialisme på midten av 1970-talet. Forsøket førte til massiv utvandring på eit tidspunkt då Jamaica ikkje hadde råd til det. Inflasjonen steig med omtrent 50 %, og arbeidsløysa blei skyhøg. Samfunnet blei alvorleg polarisert politisk, og under valkampanjane før valet i 1976 herska borgarkrigsliknande tilstandar. Tungt væpna gjengar av JLP- og PNP-tilhengarar byrja å drepa kvarandre, og det blei erklært unntakstilstand. PNP vann til slutt valet, og Manley blei statsminister.

Den amerikanske regjeringen var fiendtleg innstilt mot den sosialistiske retninga Jamaica tok, og då Manley byrja å knytta sterke band til Cuba, planla CIA å styrta den jamaicanske regjeringa. Økonomien (særleg turismen) fekk ein alvorleg knekk, og landet var under ei slags kringsetjing. Kring 700 menneske blei drepne under opptakten til valet i 1980. Dette valet blei vunne av JLP under leing av Edward Seaga.

Seaga retta opp igjen økonomien, braut banda med Cuba og vende seg mot Ronald Reagan og USA. I eit ganske fredeleg val i 1989 blei Manley gjenvald, men han trekte seg tilbake i 1992. Han gav makta vidare til visestatsministeren Percival James Patterson, som blei den første svarte statsministeren på Jamaica. Under leiing av Patterson vann PNP begge vala i 1993 og i 1997. Våren 1999 braut det ut eit allment opprør etter at regjeringa kunngjorde ei avgiftsauke på bensin på heile 30 %. Særleg Kingston og Montego Bay, der sukkerrøyrplantasjene blei sette i brann, blei hardt ramma. Etter tre dagar med brannstiftingar og plyndring sette regjeringa ned avgiftene.

2000-talet endre

Fornya gjengkriminalitet i Kingston juli 2001 og januar 2002 kravde til saman 34 menneskeliv. Statistikkar viste at drapstala var høgare enn nokonsinne. I februar same året blei fem politimenn drepne, noko som skapte merksemd rundt politivald. Dette hindra ikkje Patterson i å vinna det fjerde valet på rad. Statsministeren kunngjorde at han håpte at landet kunne blei ein republikk før han gjekk av i 2007, noko som ville stadfesta vegen på øya ut av skuggen til den tidlegare kolonimakta.

Folkesetnad endre

Etniske grupper endre

 
Amerikansk marineoffiser og ungar i Kingston i 2011.

90,9 % av folkesetnaden på Jamaica har afrikansk bakgrunn. Andre folkegrupper på øya er aust-indarar (1,3 %), kaukasiarar (0,2 %), kinesarar (0,2 %) og libanesarar (0,1 %). Andre folkeslag utgjer til saman 7,3 %.

Språk endre

Det offisielle språket på Jamaica er engelsk. Uformelt blir jamaicansk patois (uttalt patwa) brukt av ein majoritet av folkesetnaden. Jamaicansk patois byggjer hovudsakleg på britisk engelsk (eller «The Queen's English»), men ein finn òg ord frå fleire afrikanske språk (blant anna frå akan, ewe og joruba), frå andre europeiske språk (spansk, portugisisk og fransk), frå prekolumbiske språk (arawak) og frå asiatiske språk (hindi og hakka). Dette språklege mangfaldet er representativt for mangfaldet i folkesetnaden på Jamaica. Generelt skil patois seg frå engelsk ved uttale, grammatikk, ortografi og syntaks, med mange ulike intoneringar som indikerer ulike tydingar og stemningsleie. Språket er kjenneteikna ved spesiell uttale (/θ/ som [t] og /ð/ som [d]), og har nokre spesielle konsonantlyder, mest merkbart ved /h/. Til dømes blir ordet «there» uttalt [ˈdɪeɹ]. Fleire lingvistar klassifiserer jamaicansk patois som eit eige språk, medan andre ser på det som ein engelsk dialekt.

Emigrasjon endre

Fleire jamaicanarar har utvandra, spesielt til USA, Storbritannia og Canada. Emigrasjonsraten har flata seg meir ut dei siste åra. Likevel bur mange jamaicanarar utanlands, og er blitt kjende som «den jamaicanske diasporaen». Ein del jamaicanarar har også utvandra til Cuba.[4]

Det bur fleire utanlandsjamaicanarar i ghettoar i fleire større byar i USA, inkludert i New York, Buffalo, storbyområdet kring Miami, Atlanta, Orlando, Tampa, Washington D.C., Philadelphia, Hartford og Los Angeles. I Canada er den jamaicanske folkesetnaden sentrert i Toronto, og det er mindre grupper i byar som Montreal og Ottawa. I Storbritannia er det jamaicanske samfunn i dei fleste større byane, der dei utgjer ein stor del av den britisk-karibiske folkesetnaden.

Religion endre

Kristendommen er den dominerande religionen i landet, og ca. 80 % av folkesetnaden er rekna som kristne. 70 % av desse er protestantar, og 11 % katolikkar. Vestafrikanske religionar har verka sterkt inn på kristendommen, blant anna gjennom kumina, ein folkereligion som blei utvikla i slavetida. Rastafarirørsla oppstod på Jamaica, blant anna som ein mobiliserande reaksjon mot undertrykkinga av den svarte folkesetnaden. Den jamaicanske politiske leiaren og panafrikanisten Marcus Garvey var ein viktig inspirasjon for rastafariane, og blir rekna av mange som ein profet.

Politikk endre

Parlament, statsoverhovud og regjering endre

Landet er eit konstitusjonelt monarki med den britiske monarken, Elizabeth II, som statsoverhovud. Ho er representert av ein generalguvernør. Denne stillinga har sidan 26. februar 2009 vore halden av dr. Patrick L. Allen. Både monarken og generalguvernøren har i all hovudsak berre hatt seremoniell tyding.[5]

Det jamaicanske parlamentet har eit tokammersystem med 63 medlemmar i Representanthuset som blir valde ved alminnelege val kvart femte år. Dei 21 medlemmane i overhuset, Senatet, blir utpeikte av regjeringspartiet og opposisjonen med høvesvis tretten og åtte sete.[6]

Landet er i praksis underlagt eit to-partisystem som er dominert av det sosialdemokratiske People's National Party og Jamaica Labour Party, som til trass for namnet er konservativt.

Portia Lucretia Simpson-Miller frå People's National Party var statsminister frå 5. januar 2012 til 2016. Frå 3. mars 2016 var Andrew Holness statsminister på Jamaica.

Forsvars- og utanrikspolitikk endre

Forsvarsstyrken i landet, Jamaica Defence Force, blei skipa i 1962. I tillegg til oppgåva med å ivareta forsvaret i landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og hjelpa til ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[7]

Jamaica Defence Force har hærstyrkar, kystvakt og ein luftveng. Hærstyrkane består av to ordinære infanteribataljonar og ein reservebataljon, ein støttebataljon, eit ingeniørregiment og ein kampstøttebataljon. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 4 125 mann (2010).[8]

Økonomi og næringsliv endre

 
Lasting av bananar i Montego Bay tidleg på 1900-talet.
 
Frå hamna i Kingston.

Jamaica er eit utviklingsland med ein økonomi som hovudsakleg er basert på bauksittutvinning, turisme og sukkerdyrking. I 1970-åra blei det gjort forsøk på å etablera ei meir sosialistisk samfunnsordning, med blant anna jordreformer, nasjonaliseringar og fleire velferdsordningar. Stadig større økonomiske problem sette likevel ein stoppar for desse forsøka. For å få orden på økonomien blei det seinare ført ein stram penge- og finanspolitikk. Først på byrjinga av 1990-talet viste økonomien teikn til oppgang.

Primærnæringar endre

20 % av dei yrkesaktive innbyggjarane på Jamaica arbeider innan landbruk, som framleis har ei viktig rolle i økonomien i landet. Fleire gonger har næringa blitt råka av store øydeleggingar av orkanar. Ca. 44 % av arealet i landet er dyrka jord, der mesteparten tilhøyrer plantasjar. Sukkerrøyr er den viktigaste eksportvara, og blir vanlegvis dyrka på kystslettene. Andre produkt som blir dyrka for eksport er bananar, sitrusfrukter, kaffi og kakao. Jamaica er dessutan den største produsenten i verda av allehande. Til eige bruk dyrkar ein blant anna mais, diverse rotfrukter, tobakk og kokosnøtter.

Dei viktigaste husdyra på Jamaica er geiter, storfe og svin. Skogbruk og fiske har lita tyding for økonomien.

Råvareindustri endre

Jamaica er den tredje største produsenten i verda av bauksitt. Produksjonen har auka mykje frå byrjinga av 1990-åra, og berre i 1994 blei det produsert 11,7 millionar tonn. Bauksitt er eit viktig råstoff i aluminiumproduksjon, og står for ca. 75 % av eksportinntektene til Jamaica.

Turisme endre

Turismen er ein viktig del av økonomien til Jamaica. På slutten av 1970-åra blei næringa ramma av verknadene av politisk og sosial uro i landet. Turismen tok seg opp att utover 1980-talet, og på under 10 år auka talet på turistar frå 833 000 til 1,6 millionar vitjande per år.

Handel med utlandet endre

Jamaica har hatt eit aukande underskot i handelsbalansen med utlandet sidan midten av 1970-åra. Dette kjem både reduserte prisar på blant anna bauksitt og sukker, og aukande import. Den dramatiske nedgangen i verdien til valutaen i landet tidleg i 1980-åra auka òg importkostnadane.

Dei viktigaste eksportvarene til Jamaica var tidlegare sukker og bananar, men i dag er dei hovudsakleg aluminiumoksid, bauksitt og sukker. Mesteparten av eksporten går til USA, Storbritannia, Canada og Noreg.

Dei viktigaste importvarene til landet er maskinar, brensel, kjemikaliar, matvarer og ulike forbruksvarer. Mesteparten blir importert frå USA, men òg frå blant anna Mexico og Storbritannia.

På slutten av 1980-talet vart det estimert at verdien av den illegale handelen med marihuana var større enn heile den legale eksporten.[treng kjelde]

Bruttonasjonalproduktet er i dag på 8,8 milliardar dollar, 3 300 per innbyggjar.

Kjelder endre

  1. Taino-orbok på nett
  2. N.S. Upham. «Past and present of insular Caribbean mammals: understanding Holocene extinctions to inform modern biodiversity conservation». Journal of Mammalogy 98: 913–917. ISSN 1545-1542. doi:10.1093/jmammal/gyx079. 
  3. Jamaica National Heritage Trust
  4. «Jamaicans to Cuba» (på engelsk). Arkivert frå originalen 1. november 2009. 
  5. Arthur Hall (14. januar 2009). «Pastor is next GG - Hall retiring on Feb 26, cites ill health - Patrick Allen, Adventist cleric, to take over». Arkivert frå originalen 15. januar 2009. 
  6. Electionguide.com: Jamaica
  7. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113–114.
  8. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 117.

«Jamaica – klima» i Store norske leksikon, snl.no.