Kirenga
Kirenga (russisk Киренга) er ei elv i Irkutsk oblast i Russland. Ho er ei av sideelvane til Lena frå høgre, og er 746 km lang, med eit nedbørfelt på 46 600 km². Kirenga er islagt frå byrjinga av november til slutten av april. Dei viktigaste sideelvane er Ulkan, Minja og Khanda. Byen Kirensk ligg ved munningen av elva.