Irkutsk oblast
Irkutsk oblast[a] er ein provins (oblast) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Det sjølvstyrte området Ust-Orda Burjatia var ein del av provinsen, men samstundes eit eige føderasjonssubjekt, fram til 1. januar 2008, då det vart innlemma fullstendig i Irkutsk oblast. Hovudstaden er Irkutsk, arealet er 774 846 km² og innbyggjartalet er 2 375 021 (2021).
Irkutsk oblast | |||
Иркутская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Sibir | ||
Del av | Den sibirske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Irkutsk | ||
Areal | 774 846 km² | ||
Folketal | 2 330 557 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +8 | ||
Bilnummer | 38 | ||
Irkutsk oblast 57°22′00″N 106°00′00″E / 57.366666666667°N 106°E | |||
Wikimedia Commons: Irkutsk Oblast |
Geografi
endreIrkutsk oblast ligg i Sibir. I søraust, på grensa til republikken Burjatia, ligg Bajkalsjøen. Området er berglendt, med fjelltoppar opp til 3000 meter over havet. Dei største elvane er Angara og Lena. Opp til 75 % av territoriet er skogkledd. Klimaet er kaldt om vinteren og varmt om sommaren, med middeltemperatur –26 grader celsius i januar, og 18 grader celsius i juli. I grunnen i Irkutsk oblast finst det kol, gull, og jarnmalm.
Demografi
endreFolketalet i Irkutsk oblast har minka kraftig sidan oppløysinga av Sovjetunionen. Frå 1989 til 2006 gjekk det ned med 9,9 %. Den etniske samansetjinga i 2010 var:[1]
- Russarar: 88,3 %
- Burjatar: 3,2 %
- Ukrainarar: 1,3 %
- Tatarar: 0,9 %
Dei største byane er Irkutsk (587 900 ibuarar), Bratsk (246 300) og Angarsk (233 600).[1]
Politikk
endreVed valet til lovgjevande forsamling i Irkutsk oblast i oktober 2004 var dei største partia:
- Sameint Russland 30,2 %
- Kommunistpartiet 12,9 %
- Russlands agrarparti 9,1 %
- Rodina 9,1 %
Historie
endreFor tusen år sida var området folkesett av tyrkiske folkeslag. På 1200-talet vart området del av det mongolske verdsriket. Burjatane var det viktigaste folkeslaget som budde i området då russarane begynte å koma hit på 1500-talet. I løpet av 1600-talet vart området underlagt det russiske imperiet. Byen Irkutsk vart grunnlagd som fort i 1661 og fekk bystatus i 1686. I 1764 vart provinsen Irkutsk oppretta. Han omfatta då alt russisk område mellom elva Jenisej og Stillehavet. Frå 1803 heldt generalguvernøren over Sibir til i Irkutsk.
Under den russiske revolusjonen vart Sovjet-styret oppretta i byen Irkutsk i desember 1917, men sommaren 1918 vart området erobra av kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I januar 1920 gjenerobra den raude arméen byen Irkutsk. I 1937 vart Irkutsk oblast oppretta, med Ust-Ordynsk-burjat-mongolske nasjonale distrikt som ein del av provinsen. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991 vart Irkutsk oblast eit føderasjonssubjekt. Den 16. april 2006 vart det heldt folkerøysting om å slå Ust-Orda Burjatia saman med Irkutsk oblast. Dette fekk fleirtal og frå 1. januar 2008 har Ust-Orda Burjatia vore ein del av Irkutsk oblast.
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010