Kirisji

by i Russland

Kirisji (russisk Кириши) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre bredda av elva Volkhov, 115 km søraust for Sankt Petersburg.

Kirisji
Кириши
Horisonten til Kirisji
Horisonten til Kirisji
Flagget til Kirisji Byåpenet til Kirisji
Flagget til Kirisji Byvåpenet til Kirisji


Plassering
Kirisji is located in Russland
Kirisji is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Første nemnd i
Bystatus
1693
1965
Borgarmeister Andrej Besrukov
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

54 770
Koordinatar 59°27′00″N 32°01′00″E / 59.45000°N 32.01667°E / 59.45000; 32.01667
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 187110–187115
Retningsnummer (tlf) (+7)81368
Nettstad: www.gorod-kirishi.ru

Busetnaden Kirisji vart første gong nemnt i dokument i 1693. Byen vart fullstendig øydelagd i 1943 under den andre verdskrigen. I 1960 vart han gjenoppbygd og oljeraffineriet Kinef vart bygt i byen. Han fekk bystatus i 1965.

Bynamnet har opphav i elva Kirisja (tidlegare Kiresja), ei sideelv til Volkhov.

Vennskapskommunar

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.