Kirpan er ein dolk eller eit sverd som blir bore av sikhar.[1][2] Ordet kirpān frå panjabi og hindi kjem frå sanskrit kṛpaṇa, som tyder ‘sverd’.[3]

Kirpan

Kirpan er ein av dei fem K-ane i sikhismen, som skal berast av alle innvigde sikhar. Påbodet om dei fem K-ane blei instifta av guru Gobind Singh i 1699.[4] Det religiøse påbodet om å bera våpen kan føra til konflikt i det moderne samfunnet, til dømes i samband med å la unge sikhar bera kirpan på skular.[5]

Kjelder

endre
  1. «BBC - Religions - Sikhism: The Five Ks». Arkivert frå originalen den 28. september 2017. Henta 8. oktober 2017. 
  2. Khalsa, Sukhmandir. «Kirpan - kakar - Sikh ceremonial short sword». About.com. Arkivert frå originalen den 5. april 2015. Henta 18. mars 2015. 
  3. «kirpan, n.». Oxford English Dictionary (på engelsk). Henta 11. april 2019. 
  4. Singha, H.S. (2000). The encyclopedia of Sikhism. New Delhi: Hemkunt Publishers. ISBN 81-7010-301-0. 
  5. «Mightier than the kirpan - I find it hard to justify knives being allowed in schools». The Guardian (London). 9. februar 2010. Arkivert frå originalen den 4. april 2017. Henta 12. desember 2016.