Kirsten Flagstad Museum

Kirsten Flagstad Museum er eit norsk museum vigd operasongaren Kirsten Flagstad (12. juli 1895–7. desember 1962). Det ligg i Kirkegata 11 på Hamar, og opna for publikum i 1985. Museet er ei minnesamling og eit dokumentasjons- og kompetansesenter til heider for Flagstad. Det er ei avdeling av Anno museum, og har tilhald i huset der ho vart fødd i 1895, rett i nærleiken av kyrkja der ho vart døypt.

Kirsten Flagstad Museum

Kirsten Flagstad Museum med tårnet på Hamar domkyrkje i bakgrunnen
Kart
Kirsten Flagstad Museum
60°47′45″N 11°04′08″E / 60.7959395°N 11.0689444°E / 60.7959395; 11.0689444

Kirsten Flagstads familie, mange nære vener, og ikkje minst Flagstadselskapet som vart skipa i 1975 for å gjere hennar namn og kunstneriske innsats kjend for framtida, har ved gåver og depositum bidrege til eit museum rikt på gjenstandar, fotografi og arkivalia. Samlingane femnar om meir enn 1000 fotografi, om lag 900 lydopptak, 300 einskildgjenstandar, dagbøker, utklippsbøker, brev, kontraktar, program og anna, i tillegg til samlingar av bøker og artiklar i aviser, tidsskrift og liknande. Samlingane vert digitaliserte i stendig større omfang for å gjerast tilgjengeleg for ålmenta. Noko kan søkjast opp på internett gjennom DigitaltMuseum, og mykje er gjort tilgjengeleg på internettsidene til museet, som fotografi, Flagstads eigne utklippsbøker, museets lydopptak og om lag 50 konsertprogram.

Plassen framfor museet har fått namnet Kirsten Flagstads Plass. Ein byste av Kirsten Flagstad som skulptøren Joseph Grimeland har laga, er sett opp framfor inngangsdøra til museet, og vart avduka under opninga av museet i 1985. Statuen vart opphavleg sett opp i 1982 utanfor den dåverande bygningen til Norges musikkhøgskole i Wergelandsveien i Oslo.

Bakgrunnsstoff endre