Kjærast
Kjærast(e) viser til ein person ein har eit kjærleikstilhøve til, og blir gjerne sett i samband med forelsking. Eit par som er kjærastar kan etterkvart bli sambuarar, trulova og gifte. Ei anna utvikling er at kjærastane kan «bryta» eller «slå opp» med kvarandre, slik at kjærastetilhøvet blir avslutta.
Andre ord
endreEin kan også nytta ord som «gut», «jente», «dame» eller «type» sett saman med eit eigedomspronomen for å visa til ein kjærast.