Ekteskap (òg hjonskap, ektestand eller giftarmål) er ei formell, personleg binding mellom to eller fleire personar som finst i ei eller anna form i dei fleste samfunn. Ekteskap skjer gjerne mellom to kjønnsmodne personar av ulikt kjønn som ikkje er i nær slekt, men er ikkje avgrensa til desse tilfella.

Statue av eit ektepar, med sonen mellom seg, frå det gamle Egypt.

Føremålet med å inngå ekteskap kan til dømes vera å skapa ein familie, lovleggjera seksuelt samkvem eller danna alliansar mellom slekter. Ektefellane vil ha visse plikter overfor kvarandre, slik som å bidra til ekteskapet med materielle gode eller arbeid, vera tru mot ektefellen, eller ha samleie med kvarandre. Inngåinga av ekteskap blir kalla vigsel, medan ein eventuell seremoni med tilhøyrande feiring av vigslinga blir kalla bryllaup. Ei formell oppløysing av bindinga blir kalla skilsmisse.

Ulike former for ekteskap endre

Den forma for ekteskap som er vanlegast i verda i dag er monogami, eit ekteskap mellom berre to personar. Andre former som har vore vanlege og framleis er i bruk visse stader er polygami (fleirgifte), der ein person har fleire partnarar, eller fleire personar er gift med einannan. Dei mest tradisjonelle formene for polygami er polygyni (fleirkoneri) der ein mann har fleire koner, og polyandri (fleirmanneri), der ei kvinne har fleire ektemenn. Gruppeekteskap mellom fleire kvinner og fleire menn er svært uvanleg. Saman med desse ekteskapsformene kan det finnast fleire slag uformelle samlivsformer, til dømes ved at ein eller begge partane har elskarar som er godkjende, eller ikkje, av den andre parten og samfunnet elles.

Kven kan giftast? endre

Alle kulturar har strenge, til dels kompliserte grenser for kven ein ikkje kan gifta seg med. Nokre av desse reglane er nær universelle, men det er mogleg å finna unntak til så godt som alle.

Folk som kan få ungar saman endre

 
I bryllaupsmåleriet frå The Rake's Progress frå 1635 gjorde William Hogarth narr av ein ung mann som gifta seg med ei eldre enkje for å få tak i formuen hennar.

Eitt av hovudmåla med å inngå ekteskap er å føda ungar innanfor ei ramme som er godkjent av samfunnet rundt. Å ikkje kunne fullføra eit samleie eller å ikkje få ungar har blitt og blir mange stader rekna som grunn til å oppløysa ekteskapet, eller til å ta seg ein ny ektefelle.

På grunn av dette skjer dei aller fleste ekteskapa mellom menn og kvinner i fruktbar alder. Puberteten har tradisjonelt blitt sett på som at ein er klar for å inngå og fullbyrda eit ekteskap, medan menopausen i kvinner ofte har betydd at dei ikkje lenger kunne gifta seg. Ekteskap mellom personar av likt kjønn har derfor òg som regel vore utenkjeleg.

Likevel finst det døme på at ungar er blitt gifte, med kvarandre eller med vaksne, men som regel utan å fullbyrda ekteskapet før dei nådde puberteten. At ei kvinne gifter seg etter menopausen er uvanleg, men ikkje utenkjeleg.

Medan ekteskap mellom folk av same kjønn har vore uvanleg, har dei òg eksistert i ulike former. I fleire afrikanske kulturar kunne ei rik einsleg kvinne, til dømes ei enkje, betala brurepris for ei anna kvinne og gifta seg med henne på same måte som ein mann kunne. Mange stader har menn kunna gifta seg med andre menn, då som regel yngre gutar, for ei viss tid.

Folk som ikkje er nært i slekt endre

Ein naturleg motvilje mot incest er nedfelt i menneskja som ein måte for å unngå innavl på. I tillegg har mange samfunn utvikla reglar som oppmuntrar til å spreia arvestoff, som at ektefellen må koma frå ein annan klan eller stamme.

Døme på menneske ein ofte ikkje kan gifta seg med er sysken, foreldre, eller folk frå same klan eller stamme. I kontrast til desse forboda står syskenekteskap mellom kongelege i Inkariket og det gamle Egypt, dyrking av ekteskap innan små, avgrensa kastar i Sør-Asia som mellom anna medfører ekteskap mellom syskenbarn, og klanekteskap i det før-kristne Europa som hadde som mål å styrka klanen.

Slektskap som gjer ekteskap forbode treng ikkje vera kjødeleg, men kan òg vera tenkt eller andeleg. Til dømes kan ein ha forbod mot å gifta seg med svigerfamilie, sjølv om ein òg har tradisjonar i jødisk og tildels kristen kultur i Midtausten og Europa for at ei enkje gifter seg med ein bror eller son av den avdøde ektemannen. Islam lærte at dei som har dia same kvinna er å rekna som søsken og dermed ikkje kan gå inn i ekteskap saman. Den katolske kyrkja heldt føre at dei som hadde same gudforeldre ikkje kunne gifta seg, medan hinduar som høyrde til same guru ikkje kunne gifta seg fordi dei alle var rekna som hans andelege ungar.

Folk frå same kultur endre

Om ikkje lovane gjev påbod om det, har mange samfunn uskrivne reglar om at ein helst skal gifta seg innanfor si eiga gruppe, om det er samfunnsklasse, religion, språksamfunn eller etnisk gruppe. Slike ekteskap vernar om tradisjonar, og gjer det gjerne lettare for ektefellane, som veit kva som er venta av dei i den nye stillinga si. Globalisering har gjort det vanlegare å gifta seg med folk frå andre delar av verda i dagens samfunn, men det er framleis uvanleg å gifta seg på tvers av svært store skilnader, som rikdoms- og utdanningsnivå.

Nokre religionar forbyr ekteskap med folk av visse andre religionar. Ofte kan ein av partane konvertera for å gjera ekteskapet godteke.

Moderne lovar som avgrensa ekteskap ut frå til dømes rase, som Nazi-Tyskland, Sørstatane i USA fram til 1960-talet og Sør-Afrika underapartheid, blir i dag sett på som brot på menneskerettane.

Usemje endre

Ekteskapet er i dag under debatt i store delar av verda. Mange meiner det vestlege ekteskapet er blitt for svakt, at det for lett ender med skilsmisse. Av nokon blir arrangerte ekteskap sett opp som eit meir stabilt alternativ til det sjølvvalde kjærleiksekteskapet.

Eit anna stridspunkt gjeld om personar av same kjønn skal ha tilgang til ekteskap. I nokre få vestlege land er det opna for homofile ekteskap, medan homofile andre stader må nøya seg med den ekteskapsliknande partnarskapsordninga.

Kjelder endre

Sjå òg endre