70°58′53.897″N 27°14′21.217″E / 70.98163806°N 27.23922694°E / 70.98163806; 27.23922694

Kjøllefjorden
fjord
Kjøllefjord inst i Kjøllefjorden
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Lebesby
Kart
Kjøllefjorden
70°58′54″N 27°14′21″E / 70.98163806°N 27.23922694°E / 70.98163806; 27.23922694

Kjøllefjorden (samisk Gilevuotna) er ein fjord på vestsida av Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 8,5 km søraustover til tettstaden Kjøllefjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kjøllefjordneset i nord og Store Finnkjerka i sør. Vest for Finnkjerka går Laksefjorden sørover. Bortsett frå Kjøllefjord er det ingen andre busetnader ved fjorden. Fjorden ligg mellom Dyfjordhalvøya i sør og Skjøtningberghalvøya i nord.