65°6′49.579″N 12°2′10.352″E / 65.11377194°N 12.03620889°E / 65.11377194; 12.03620889

Flyfoto av Kjella bak fjellet Heilhornet, framfor kan ein sjå Sørfjorden
Foto: Erlend Bjørtvedt

Kjelda eller Kjella er ein fjord i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover til Kjella i botn av fjorden. Fjorden ligg på austsida av øya Austra.

Fjorden har innløp mellom Oterneset i vest og Holm i aust. Fylkesveg 17 går ut heile austsida av fjorden og ved Holm går det ferje vidare nordover til Vennesund. Dette ferjesambandet går heilt ytst i Bindalsfjorden. Riksveg 802 går langs delar av dei indre områda i vest.

Heggbærneset stikk seg nordover i fjorden på austsida og aust for dette neset går Lysfjorden innover til Bursvikbotn. På andre sida av fjorden ligg grenda Nordhorsfjord og får her går sidefjorden Horsfjordbotnet sørvestover. Grenda Sørhorsfjord ligg på sørsida av innløpet og sør for denne grenda går sidefjorden Valen sørvestover til Bogen. I botn av Valen går Valastraumen sørover til Årsetfjorden.

Inst i fjorden ligg grenda Kjella og Heilhornet hotell.