Kjell Ivar Vannebo

Kjell Ivar Vannebo (fødd 18. juli 1938) er ein norsk språkvitar med doktorgrad. Frå 1985 var han professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, med vekt på grammatikk, språknormering og leksikografi. Han er busett i Asker.

Kjell Ivar Vannebo
Fødd18. juli 1938
Overhalla
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Han vart cand.philol. 1966 og var 1967-70 lektor i norsk språk og litteratur ved Stockholms universitet. Frå 1970 var han lektor, seinare førsteamanuensis og dosent, og frå 1985 professor ved Universitetet i Oslo . Dr.philos. vart han 1978 med avhandlinga Tempus og tidsreferanse, tidsdeiksis i norsk. Vannebo er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Kjell-Ivar Vannebo gav ut i 1997 Norsk referansegrammatikk, saman med Jan Terje Faarlund og Svein Lie. Eit utval av artiklane hans kom i Normer, strukturar og ferdigheter, bidrag til nordisk språkvitskap, festskrift til Kjell Ivar Vannebo på 70-årsdagen 18. juli 2008. Kjell Ivar Vannbo har òg utgjeve populærvitskaplege bøker om språk og redigerte tidsskriftet Mål og minne.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra