Opna hovudmenyen

Kjelsås Fotball (stifta 16. mars 1913) er eit bydelslag i Oslo, lokalisert i bydelen Nordre Aker.

Kjelsås Fotball
Fullt namnKjelsås Fotball
Grunnlagd16. mars 1913
HeimebaneGrefsen stadion
HovudtrenarEivind Kampen
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn og har spelt i 2. divisjon sidan nedrykket frå 1. divisjon i 2001. I 1998, etter å ha lege i toppen av 1. divisjon gjennom heile sesongen, spelte Kjelsås kvalifiseringskampar mot Kongsvinger Toppfotball, og etter uavgjort borte tapte Kjelsås heile 0-5 heime. På denne tida var klubben kjent for å nytte seg kraftig av fotballfilosofien til Egil «Drillo» Olsen. Kjelsås hadde fram til 2007-sesongen Stig Mathisen som trenar. Han gav seg etter 14 års teneste.

Kjelsås har dei siste 10 åra hatt profilar som Julian Møller, Simen Stamsø Møller, Tom Nordheim, Endré Olav Osnes, Karim Aoudia, Kim André Hunstad, Martin Sandell, Babs Akinyemi, Viggo Anthonsen (lagt opp), Kristian Fagervik (lagt opp), Alexander Rein (lagt opp), Martin Hansen (lagt opp), Dag Halvorsen (lagt opp), Peter Sørensen (lagt opp), Rune Jarl (lagt opp), Steinar Brun (lagt opp) og Johan Golden (programleiar og komikar). Kjelsås spelar heimekampane sine på Grefsen stadion i Oslo, og hadde i 2007 Jan Aksel Opsahl Odden som trenar. I 2008 var Stig Mathisen tilbake som hovudtrenar. Før 2010-sesongen tok Jan Aksel Opsahl Odden igjen over trenaransvaret for Kjelsås, denne gongen i tospann med Mathisen. Før sesongen 2012 tok assistenttrenar Eivind Kampen over hovudansvaret for A-laget.

11. mai 2011 opplevde bydelsklubben ein av dei største augneblinkane sine då dei slo eliteserielaget Vålerenga 2-1 i 2. runde av cupen etter scoringar av Martin Sandell og Jimi Akinyemi. Kjelsås var dermed sikra å vere beste Oslo-lag i Noregsmeisterskapen denne sesongen, sidan dei andre hovudstadslaga rauk ut i 2. runde. I 3. runde vart Kjelsås slått ut av eit anna eliteserielag, Sarpsborg 08.

BakgrunnsstoffEndra