Grefsen stadion

fotballstadion

Koordinatar: 59°57′32.674″N 10°46′49.454″E

Grefsen stadion er ein fotballstadion som ligg i grenseområdet mellom Grefsen og Kjelsås i bydel Nordre Aker i Oslo, og er heimebanen til Kjelsås Fotball.

Grefsen stadion
Grefsen4.JPG
Adresse Neptunveien 8, 0487 Oslo
Brukarar Kjelsås
Underlag Kunstgras
Kapasitet 4500 (500 sitjeplassar)
Tilskodarrekord 5000 (16.09.1944, Vålerenga - Skeid)

Stadionet har ein kapasitet på 4 500 tilskodarar, der 500 er sitjeplassar. Tilskodarrekorden er på kring 5000 frå 16. september 1944, mellom Vålerenga og Skeid. Dette var ein illegal kamp på grunn av idrettsstreiken som pågjekk under andre verdskrigen.[1]

I nyare tid er rekorden 3295 i kampen mellom Kjelsås og Kongsvinger under kvalifiseringa til Tippeligaen i 1998. I 1945 vart tredje runde i cupen mellom Nydalen og Moss spelt her føre 3000 tilskodarar. Kampen enda 1–1.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra