Kjerstin Solås

(Omdirigert frå Kjersti Solås)

Kjerstin Boge Solås (fødd 31. desember 1997) er ein norsk handballspelar frå Dale i Sunnfjord som sidan 2015 har spelt på Tertnes IL. Ho vart europameister med Noreg i 2016. I tida oktober-desember 2016 spelte ho 14 landskampar og skåra fire mål.

Kjerstin Solås

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1997 (26 år)
Dale i Sunnfjord
Yrke handballspelar
Høgd 182 centimeter
Kjerstin Solås på Commons

Solås spelte på heimlege Dale IL, før ho som 16-åring melde overgang og debuterte på nivå tre i norsk klubbhandball med Førde IL. Sommaren 2015 tok ho steget opp i toppserien då ho gjekk vidare til Tertnes IL.

Solås var med på det norske landslaget som vann Handball-EM 2016 i Sverige.

Merittar

endre
  • Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland

Kjelder

endre