For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dale.

Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Bygda ligg ved Dalsfjorden, og har 1 220 innbyggjarar per 1. januar 2017. Bygda er kommunesenteret i Fjaler og har dermed kommunehuset med kontor til administrasjonen. I desember 2013 opna Dalsfjordbrua som knyter saman Askvoll kommune og Fjaler kommune.

Dale
stad
Dale i Sunnfjord (Panorama)
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fjaler
Areal 1,09 km²
Folketal 1 220  (2022)
Folketettleik 1 119 / km²
Postnummer 6963 DALE I SUNNFJORD
Preposisjon i Dale
Kart
Dale i Sunnfjord
61°21′47″ N 5°23′53″ E
Wikimedia Commons: Dale (Fjaler)
Frå Dale sentrum
Foto: Jan-Tore Egge
Etter at Dalsfjordbrua opna, er det slutt på fergetrafikken i Dale.

Kultur og industri endre

I Dale finn ein Klokkargarden, fødestad åt diktaren Jakob Sande, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen og designstudioet Ralston & Bau og idéfabrikken Transplant. I tillegg så driv Dale Ungdomsslag Fjaler Kino på frivillig basis. Kinoen held til i ungdomshuset Trudvang som ligg langs fv. 57 mellom Dale sentrum og Dingemoen skule.

Utdanning endre

Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år, og i dag finn ein Dingemoen barneskule, Fjaler ungdomsskule og Dale vidaregåande skule i bygda.

Transport endre

Frå rutebilstasjonen i Dale sentrum går det fleire bussar mellom anna til Førde og Bergen via Riksveg 57 eller snøggbåt. Bygda ligg 25 min frå Førde lufthamn, Bringeland.

Dalsfjordsambandet endre

I desember 2013 opna Dalsfjordbrua for trafikk. Den knyter saman Fjaler kommune med Askvoll kommune. Dalsfjordsambandet består av ny fylkesveg nummer 609 frå Eikenes til Nishammaren i Dale og ny fylkesveg nummer 57 frå Fjaler Sjukeheim til Sætenes. Dalsfjordsambandet inneheld tre nye tunnelar, der to av tunnelane ligg i Askvoll kommune og den siste ligg i Fjaler kommune, og sist men ikkje minst Dalsfjordbrua over Dalsfjorden. Desse tre tunnelane heiter Dalsfjordtunnelen, Ottersteintunnelen og Nishammartunnelen. Nishammartunnelen ligg i Fjaler kommune og er ein av få tunnelar i Noreg med rundkøyring inne i fjellet.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling i Dale
År Innbyggjarar
1920
  
206
1930
  
463
1946
  
666
1950
  
728
1960
  
813
1970
  
967
1980
  
924
1990
  
935
2000
  
905
2009
  
980
2012
  
1 063
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Kjelder endre