Klara Amalie Skoglund

norsk politikar

Klara Amalie Skoglund (fødd 22. september 1891 i Oslo, død 8. mai 1978) var ein norsk industriarbeidar og stortingpolitikar for Arbeidarpartiet.

Klara Amalie Skoglund
Fødd22. september 1891
Oslo
Død8. mai 1978 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Skoglund vart fødd i Oslo som dotter av Edvard og Magna Enger. 1905–1909 arbeidde ho som hushjelp, og 1925–40 som arbeider ved Askim Gummivarefabrikk. Ho engasjerte seg i fagforeiningsarbeidet i Askim kjemiske arbeiderforening, først i 1925 som sekretær og seinare som styremedlem og viseformann. I 1930 vart ho med i Norsk kjemisk industriarbeidarforbund sitt hovudstyre. Samstundes sat ho ein periode som formann for Askim Arbeiderpartis kvinneforening 1926–1927.

Som tillitsvalt var ho eit tøff forhandlar, og det vert fortalt at ein av direktørane ved Askim Gummivarefabrikk ved eit høve skal ha sagt i frustrasjon: «Jeg begriper ikke hvordan De er blitt gift, fru Skoglund; De sier jo bare 'nei, nei' hele tiden..»

Etter andre verdskrig vart Skoglund vald inn på Stortinget frå Østfold, samstundes som ho vart med i Arbeidarpartiets landsstyre. Stortingsperioden 1945–1949 sat ho i Universitets- og fagskolekomiteen, deretter sat ho to periodar i Kyrkje- og undervisingskomiteen (1950–1953 og 1954–1957).

Kjelder endre