Klarspråk
Klarspråk er namnet på ein måte å skrive på som har som mål at lesarane av ein tekst enkelt skal kunne forstå innhaldet i han.
Definisjon
endreSpråkrådet definerer klarspråk i staten, som «korrekt, klart og brukertilpasset språk i tekster fra det offentlige».[1] Eit dokument er skrive i klarspråk dersom mottakarane
- finn det dei treng
- forstår det dei finn
- kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal
Den internasjonale definisjonen av klarspråk er: «Klarspråk er kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår den og kan bruke den.» Definisjonen er utarbeida av ei internasjonal arbeidsgruppe, International Plain Language Working Group (IPLWG).[2]
Klarspråk i Noreg
endreI Noreg var prosjektet «Klart språk i staten» eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet. Språkrådet hadde det språkfaglege ansvaret, medan Difi hadde ansvar for administrasjon, kommunikasjon og leiing. Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) var prosjektansvarleg. Prosjektet varte i perioden 2009–2011. Etter dette overtok Språkrådet ansvaret for å vidareføre dei fleste av tiltaka.
Tiltaka i prosjektet var praktiske råd og verktøy for å forbetre språket, tilbod om fagleg rådgjeving og økonomisk støtte, fakta og erfaringsutveksling om språkforbetringsarbeid, deling av informasjon og årleg utdeling av Klarspråksprisen for klart språk i staten.
Klarspråk i internasjonal samanheng
endreI mange land, særleg vesteuropeiske og engelskspråklege land, driv sentraladministrasjonen målmedvite arbeid for å skrive tekstane sine slik at lesarane skal kunne forstå dei. Andre nordiske land, som Sverige og Finland, har drive aktivt med klarspråksarbeid lenge. Også EU arbeider systematisk med å forbetre og forenkle språket mellom anna i rettsakter. Andre land som driv med klarspråksarbeid, er Australia, Belgia, Canada, Frankrike, Italia, New Zealand, Spania, Storbritannia, Sør-Afrika, Tyskland og USA. Det finst òg eit eige klarspråksnettverk, Plain Language Association International (PLAIN)[3], som hadde sin årlege internasjonale konferanse i Oslo 2019.
Kjelder
endre- ↑ «1 Hva er klarspråk?», Språkrådet (på norsk), henta 24. november 2019
- ↑ «IPLWG», clarity-international.net, arkivert frå originalen 25. november 2019, henta 24. november 2019
- ↑ «Home», Plain Language Association International (PLAIN) (på engelsk), henta 24. november 2019