Språkrådet
- Denne artikkelen handlar om det norske Språkrådet. For rådet med same namn i Sverige, sjå Språkrådet i Sverige.
Språkrådet er staten sitt fagorgan i spørsmål om norsk språk. Språkrådet har som hovudoppgåve å verna norsk språk, og styrkja statusen til norsk i notid og framtid. Det gjeld både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt. I tillegg skal Språkrådet ta omsyn til språkstoda som heilskap i landet, dvs. interessene til nordmenn med anna morsmål enn norsk. Språkrådet skal vidare observera og vurdera språkutviklinga i landet, og på det grunnlaget skal ein òg driva språknormering.
Språkrådet | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | organisasjonsledd ![]() |
---|---|
Org.nr. | 971 527 404 |
Skipa | 2005 |
Hovudkontor | Oslo, Observatoriegata ![]() |
Styreleiar | Guri Melby, Erik Ulfsby |
OppgåverEndra
Språkrådet skal verna norsk språk, og fører tilsyn med språklova for å hindra at språket vert «utvatna». Dei forvaltar rettskrivninga i nynorsk og bokmål, og godkjenner norske ordbøker og ordlistar til bruk i skulen. Vidare gjev dei og gjev råd om stadnamn og andre språklege emne, og arbeidar for at offentlege og private aktørar i Noreg brukar eit klart språk som er lettfatteleg for målgruppa.[1] Språkrådet fremjar norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka som kvensk og romani. Språkrådet samarbeidar òg med språkinstitusjonar i andre land, mellom anna for å sikra nabospråkforståing i Norden.
SogeEndra
Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanna Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk. Språkrådet vart skipa 1. januar 2005, og avløyste då Norsk språkråd. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vera Språkrådet. Språkrådet sin første direktør var Sylfest Lomheim.[2]
LeiingEndra
Språkrådet har eit sekretariat som vert leidd av ein direktør i åremålsstilling. Sidan 1. juni 2020 har Erik Ulfsby vore styreleiar.[3] , etter han var Språkrådet har eit styre som er oppnemnt av Kulturdepartementet. Den 25. november 2010 vart dette styret utnemnt fram til 2014:[treng kjelde]
- Ottar Grepstad, leiar
- Åse Lill Kimestad, nestleiar
- Sigrun Høgetveit Berg
- Helene Uri
- Trond Trosterud
- Kamil Øzerk
- Ola T. Lånke
- Daniels Ims, tilsettrepresentant (nynorskbrukar)
- Margrethe Kvarenes, tilsettrepresentant (bokmålsbrukar)
Medlemene i styret møtet i prinsippet som einskildpersonar, og ikkje som representantar for eit lag eller ein institusjon, slik tilfellet var med representasjonen i det gamle Norsk språkråd.
FagrådEndra
Språkrådet har fire fagråd som skal gje fagleg støtte til sekretariatet og styret:
- Fagråd for samfunn og høgare utdanning
(leidd av Ingebjørg Sæbu)
- Fagråd for skule og offentleg forvalting
(leidd av Åse Lill Kimestad)
- Fagråd for normering og språkobservasjon
(leidd av Helge Dyvik)
- Fagråd for terminologi og fagspråk
(leidd av Johan Myking)[treng kjelde]
Av desse fagråda er Fagrådet for normering og språkobservasjon det som liknar mest på det som var Fagnemnda i Norsk språkråd, men til liks med dei andre fagråda har det berre ein rådgjevande funksjon.
KjelderEndra
- ↑ «Klart språk», www.sprakradet.no (på norsk bokmål), henta 19. september 2022
- ↑ Lomheim var direktør frå 2004 til 1. september 2010. Spørsmålet om ny direktørstilling var omstridd, ettersom styret sommaren 2010 gjekk inn for å tilsetje Kjell Lars Berge, medan kulturminister Anniken Huitfeldt ikkje ville ha Berge i stillinga. Avgjerda til kulturministeren gjorde at heile fire representantar i styret trekte seg i oktober 2010: fungerande leiar Magni Øvrebotten, Jan Olav Fretland, Tor Fuglevik og Silje Solheim Karlsen.
- ↑ «Styret», Språkrådet (på norsk bokmål), henta 19. september 2022
BakgrunnsstoffEndra
- Språkrådet.no Nettstaden til Språkrådet