Klassekamp

For avisa, sjå Klassekampen.

Klassekamp er ein klassekonflikt slik ein kan sjå han ut frå sosialistisk teori eller perspektiv.

Karl Marx sin klassekamp har ingenting å gjere med nokon nedarva kaste, og det er heller ikkje heilt det same som ein sosialistisk klasse i sosiologsk forstand, som i overklasse, underklasse og middelklasse (omgrep som er knytt til inntekt eller formue, men også til kulturelle preferansar). Under det kapitalistiske historiske utviklingsstadium som Marx skildrar forstår ein klasseinndelinga som plassering i det økonomiske systemet, eller den sosiale strukturen som eksisterer under kapitalismen.

Marx opererer i hovudsak med to klassar, som omfattar det meste av befolkninga: proletariet og borgarskapet. Andre klassar, slik som småborgarskapet, har karakteristikkar frå begge desse klassane. Proletariatet eller arbeidarklassen er arbeidstakarar i bedriftene, og borgarskap eig bedriftene. De to klassane har dermed stikk motsette interesser, ved at arbeidstakarane ynskjer høgast mogleg lønn og best mogleg arbeidsbetingelsar, mens borgqarskapet vil at lønnsnivået skal vere så lågt som mogleg for å holde kostnadane nede. Denne interessemotsettinga er grunnlaget for kampen mellom klassane.

Innanfor dei sosialistiske tankesystem er det variasjonar i korleis klassekampen skal betrakted og innordnas. Karl Marx og Friedrich Engels, som var kommunismens ledande ideolgar, fremlåg sitt grunnsyn på klassekampen i skriftet Det kommunistiske manifest av 1848. Etter deirast syn er klassekampen eit drivande element i historien, og klassekampen mellom kapitalismens proletariat og borgarskap vil leda til proletariatests seier gjennom.

Innanfor dei sosialistiske tankesystema er det variasjonar i korlei klassekampen skal betraktast og innordnast. Karl Marx og Friedrich Engels, som var kommunismens ledende ideologer, la fram grunnsynet sitt på klassekampen i skriftet Det kommunistiske manifest av 1848. Etter deira syn er klassekampen eit drivande element i historia (sjå historisk materialisme), og klassekampen mellom kapitalismens proletariat og borgerskap vil leia til proletariatets siger gjennom opprettinga av ei sosialistisk statsmakt.