Klasselaust samfunn
Eit klasselaust samfunn er målet for sosialistar og kommunistar. Ifølgje Karl Marx er all historie historia om klassekamp, fordi alle samfunn til no bortsett frå det primitive fellesskapet i «urkommunismen» har vore klassesamfunn. Klassemotsetningane har prega slavesamfunnet i antikken, føydalsamfunnet i mellomalderen og den moderne kapitalismen. Men denne siste har også ifølgje Marx skapt føresetnadene for eit klasselaust samfunn og dermed eit samfunn utan undertrykking, ved ei veldig utvikling av produktivkreftene, og ved å skape den moderne arbeidarklassen, som berre kan frigjere seg sjølv ved samtidig gjennom sosialiseringa av produksjonsmidla å oppheve sjølve grunnlaget for klassemotsetningane, skiljet mellom dei som eig og dei som produserer.