Opna hovudmenyen

Klassikar (av latin classicus som tydar 'fyrsteklasses') er eit omgrep som vert nytta om kunstverk som vert rekna som så framifrå at dei har varig verde; til dømes «klassikarane frå antikken», «Igor Stravinskijs klassikar Vårofferet», «Edvard Munchs klassikar Skrik», «Ingmar Bergmans klassikar Persona». Men jamvel stutt tid etter utgjevinga, framføringa eller presentasjonen kan ein roman, ein komposisjon eller anna kunstverk verte rekna som ein klassikar, «denne romanen vil verte, eller er allereie, ein klassikar».

Likeeins vert kunstnarar som har skapa slike framifrå verk omtala som klassikarar, som til dømes «dei nynorske klassikarane Vinje og Garborg», «klassikarane Mozart og Beethoven», «klassikaren Igor Stravinskij».

Dessuten vert granskarar av klassisk kultur, det vil seie kulturen i Romarriket og/eller det gamle Hellas, omtalt som klassikarar. Det same gjeld dei som på særleg vis ser opp til denne kulturen.