Klaus Wiese

Klaus Wiese (18. januar 194227. januar 2009) var ein tysk musikar, minimalist og multi-instrumentalist. Han var ein meister på tibetansk syngeskål og skapte ei rekkje album ved hjelp av desse. Wiese nytta i tillegg stemma si, sitar, persiske strengeinstrument, klokkespel og andre ekotiske instrument i musikken sin.

Klaus Wiese
Fødd 18. januar 1942
Død

27. januar 2009 (67 år)
Ulm

Yrke musikar

Wiese vert rekna som ein av dei store musikarane innan ambient eller space-musikk. Musikkstilen hans vert samanlikna med organiske lydlandskap med bordun og dark ambient-musikk som Oöphoi, Alio Die, Mathias Grassow og Tau Ceti.

Han var ei kort stund medlem av krautrockbandet Popol Vuh tidleg i 1970-åra, der han spelte tamboura på albuma Hosianna Mantra og Seligpreisung. Wiese gjekk etter kvart bort frå krautrock og laga sin eigen ambient musikk med lange tonar i 1980-åra.

Wiese har òg samarbeidd med Al Gromer Khan, Mathias Grassow, Oöphoi, Tau Ceti, Sam Schlamminger og Ted de Jong. Han samarbeidd med Deuter på albumet hans Silence is the Answer i 1980 og East of the Full Moon i 2005.

Han reiste mange år i Asia for å studere sufisme og mystisisme som tydleg har prega den ambiente musikken hans.

Klaus Wiese døydde brått og uventa 27. januar 2009, 67 år gammal.[1]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra