Klavdija Bojarskikh

Klavdija Sergejevna Bojarskikh[a] (11. november 193912. desember 2009) var ein russisk langrennsløpar som representerte Sovjetunionen. Ho vann tre OL-gull i 1964 og to VM-gull i 1966.

Klavdija Bojarskikh

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 11. november 1939
Verkhnjaja Pysjma
Død

12. desember 2009 (70 år)
Jekaterinburg

Yrke langrennsløpar
Høgd 159 centimeter
Klavdija Bojarskikh på Commons
Klavdija Bojarskikh under Ski-VM 1966

Aktiv endre

Bojarskikh, som var frå Verkhnjaja Pysjma i Sverdlovsk oblast, var verdas beste kvinnelege langrennsløpar midt på 1960-talet. I sitt fyrste internasjonale meisterskap, vinter-OL 1964 i Innsbruck tok ho gullmedaljar i alle tre langrennsøvingane for kvinner. På 10 km tok ho ein knepen siger føre landsmannen Jevdokija Meksjilo, før ho vann ein suveren siger på 5 km. Saman med Alevtina Koltsjina og førnemnde Meksjilo gjekk ho Sovjetunionen inn til OL-gull i 3x5 km stafett, over to minuttar føre Sverige på sølvplass.

Under ski-VM 1966 i Oslo var Bojarskikh nær å kopiere sigersrekka frå Innsbruk. Ho vann 10 km og Sovjetunionen gjekk til topps i stafetten, men på 5 km vart ho slått av landslagskollegaen Alevtina Koltsjina med 7,2 sekundar og enda på sølvplass.

Bojarskikh la opp i 1967.

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Клавдия Сергеевна Боярских

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar