Alevtina Koltsjina

Alevtina Pavlovna Koltsjina[a] (11. november 19301. mars 2022) var ein sovjetisk langrennsløpar og olympisk meister i stafett. Ho var gift med Pavel Koltsjin, som også vart olympisk meister i langrenn.[1]

Alevtina Koltsjina

Statsborgarskap Sovjetunionen, Estland
Fødd 11. november 1930
Pavlovsky
Død

1. mars 2022 (91 år)
Otepää

Yrke langrennsløpar
Språk russisk
Høgd 162 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Alevtina Koltsjina på Commons

Karriere

endre

Alevtina Koltsjina deltok under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Ho kom på fjerdeplass på 10 km her, men tok sølv med stafettlaget på 3 x 5 km.[2] To år etter deltok ho i VM på ski i Lahti, der ho vart verdsmeister på same distansen. Like bra gjekk det ikkje under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, då ho igjen kom på fjerdeplass.[3]

Koltsjina gjorde eit suverent ski-VM 1962 i Zakopane, der ho vart verdsmeister både på 5 km og 10 km. I 1963 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen saman med ektemannen, Astrid Sandvik og Torbjørn Yggeseth. Under hennar tredje OL, vinter-OL 1964 i Innsbruck, fekk ho bronsemedalje på 5 km, men vart i tillegg olympisk meister i 3 x 5 km stafett for kvinner.[2] Under VM på ski i Oslo i 1966 vart ho igjen verdsmeister på 5 km og tok sølv på 10 km.

Hennar fjerde og siste vinter-OL vart vinter-OL 1968 i Grenoble. I ein alder av 37 år tok ho her bronse på 5 km, og bronse med det sovjetiske stafettlaget på 3 x 5 km. Koltsjina var ikkje med i større internasjonale tevlingar etter dette. Sonen Fjodor Koltsjin deltok internasjonalt i nordisk kombinert.[2]

Merknadar

endre
  1. Russisk skrift Алевтина Павловна Колчина

Fotnotar

endre
  1. Store Norske Leksikon om Koltsjina
  2. 2,0 2,1 2,2 Resultatliste på Sports-reference.com, arkivert frå originalen 19. mai 2011, henta 15. april 2013 
  3. Resultatliste på Fis-ski.com, arkivert frå originalen 8. oktober 2012, henta 15. april 2013