Kleve
Kleve er ein by og ein kommune vest i forbundslandet Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen grensar i vest mot Nederland. Kommunen omfattar 97,8 km², med eit folketal på over 53 000. Byen ligg på sørsida av elva Rhinen.
Kleve | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Nordrhein-Westfalen | ||
Areal | 97,76 km² | ||
Folketal | 53 458 (31. desember 2023) | ||
Kleve 51°47′N 6°08′E / 51.79°N 6.14°E | |||
Wikimedia Commons: Kleve |
Kleve fekk byrettar i 1242 og var i mellomalderen og tidleg nytid ein viktig by i området kring Rhinen, sentral i det dåverande hertugdømet Kleve. Frå 1648 ein enklave under Preussen. I dag hyser byen administrasjonen for Landkreis Kleve.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kleef (stad)» frå Wikipedia på nederlandsk, den 20. november 2023.