Knossos (gresk Κνωσός) er den største arkeologiske funnstaden på Kreta, og truleg det seremonielle og politiske senteret til den minoiske kulturen. Det ligg i nærleiken av den noverande byen Iráklio.

Rekonstruert bygg på Knossos.

Knossos er eit populært turistmål i dag. Delar av det har vorte «oppattbygd», noko som gjer det tilgjengeleg for tilfeldige vitjande på ein måte som eit arkeologisk felt av umerka ruinar ikkje er. Denne måten å rekonstruere ruinar på har ein i arkeologien gått vekk frå. Grunnen til det er mellom anna at rekonstruksjonen er basert på ein usikker teori om korleis det ein gong har sett ut.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Knossos

Kjelder endre

  Denne historieartikkelen som har med Hellas å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.