Knut Anders Fostervold

norsk politikar og fotballspelar

Knut Anders Fostervold (fødd 4. oktober 1971), er ein norsk syklist og tidlegare fotballspelar i Molde Fotballklubb.

Knut Anders Fostervold
Knut Anders Fostervold.jpg
Fødd 4. oktober 1971
Tønsberg
Yrke fotballspelar, politikar, sykkelryttar
Knut Anders Fostervold på Commons

Fostervold har spelt i klubbane Rival, Sandefjord, Stokke, Eik-Tønsberg og Grimsby (lån), men det var i Molde han hadde det meste av karrieren som fotballspelar. I perioden 19942002 spela han 172 eliteseriekamper i forsvaret til klubben, og skåra 13 mål. Frå 1997 til 2001 var han og kaptein på laget.

Etter ein kneskade i 2002 måtte han leggje fotballskorne på hylla, og valde då å satse på sykling. I løpet av få år jobba han seg opp til å bli ein av Noregs beste syklistar[1], og syklar no for Team Sparebanken Vest. Han deltok i temporittet i VM både i 2006 og 2007, utan å oppnå store resultat. I september 2007 sette han norsk rekord på 10 og 20 kilometer temposykling.[2]

Fostervold er den eldre broren til til Guro Fostervold som jobbar i TV 2-sporten.

ReferansarEndra

  1. Om Fostervold på kondis.no
  2. Fostervold tok ny rekord

BakgrunnsstoffEndra