Opna hovudmenyen

Sandefjord Fotball er eit norsk fotballag frå Sandefjord. Klubben vart stifta den 10. september 1998, då klubbane Runar og Sandefjord Ballklubb slo saman sine beste fotballag. Begge klubbane eksisterer framleis. Sandefjord Fotball rykte opp til Tippeligaen 2005 etter ein dramatisk avslutning på sesongen. I siste seriekamp møttest Sandefjord og Moss der vinnaren ville rykkje direkte opp. I ein høgdramatisk kamp stakk Sandefjord det lengste strået og rykte med sigeren direkte opp til Tippeligaen. Dei rykte ned at til Adeccoligaen etter 2007-sesongen og opp igjen til 2009.

Sandefjord
Fullt namnSandefjord Fotball
KallenamnSF, Guttane
Grunnlagd10. september 1998
HeimebaneKomplett.no Arena
(kapasitet: 9 000)
SportsdirektørFlagget til Noreg Arne Dokken
HovudtrenarArne Sandstø
SupporterklubbBlåhvalane
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Arne Sandstø.

HistorieEndra

 
Storstadion

Sandefjord Fotball vart stifta 10. september 1998 då dei lokale klubbane IL Runar og Sandefjord Ballklubb slo saman dei beste laga sine. SF overtok plassen til Sandefjord Ballklubb i 2. divisjon. Ambisjonen var å nå Tippeligaen i løpet av fem år. Laget rykte opp til 1. divisjon på første forsøk etter to kvalifiseringskampar mot Fyllingen der Sandefjord vatn på bortemålsregelen. I 2000 enda SF på 11. plass, i 2001 vart dei nr 7 og i 2002 enda dei på tredjeplass og kvalifiseringskampar mot Brann. Kampane enda 0-0 og 1-2, etter at Tommy Knarvik og Petter Furuseth Olsen hadde senka SF. SF vart dermed verande i 1. divisjon. I 2003 vart det òg kvalifiseringsplass, og motstandaren var Vålerenga. Heimekampen enda 0-0, men Sandefjord tapte 3-5 i Valhall – ein kamp som lenge vart omtalt som ein dommarskandale etter fleire tvilsame avgjerder av domar Jonny Ditlefsen.

I 2004 kom Sandefjord Fotball på ein skuffande fjerdeplass etter at dei hadde full kontroll på tredjeplassen, men i siste serierunden tapte Sandefjord 2-3 mot Mandalskameratene. Dåverande trenar Arne Dokken vart erstatta av Tor Thodesen som med hjelp av Kaz Sokolowski omsider fekk Sandefjord opp i Tippeligaen i 2005-sesongen gjennom ein andreplass og direkte opprykk. Arne Dokken kom tilbake til SF 2008 og er per dags dato sportsdirektør i klubben.

2006-sesongen vart ein kjempesesong for Sandefjord. Trass i at klubben spelte i Tippeligaen for første gongen, overraska laga mange med ein 9. plass og 32 poeng. Laget nådde òg cupfinalen etter å ha slått Follo 0-1 i kvartfinalen og Rosenborg 2-5 i ein forrykande semifinale der Olav Zanetti var den store helten for SF. I cupfinalenUllevaal vart det 0-3 tap mot Fredrikstad.

2007-sesongen gjekk dårleg for Sandefjord. Trass i ein sterk sluttspurt klarte ikkje klubben å unngå sisteplass og nedrykk. Midt i sesongen flytta klubben inn på sin nye stadion, Komplett.no Arena. 21. juli spelte Sandefjord den første kampen sin på Komplett.no Arena med 3-1 siger mot Fotballklubben Lyn, der 8 103 tilskodarar var tilstades. Dette er òg den ståande publikumsrekorden. I 2008-sesongen spelte laget i Adeccoligaen som starta tøft og brutalt, og SF hamna på botnen av tabellen. Dette førte til eit skifte av hovudtrenar og Tor Thodesen vart erstatta av Patrick Walker. Frå dette tidspunktet såg klubben seg aldri tilbake og sesongen enda med andreplass og direkte opprykk til Tippeligaen. 2010-sesongen enda med nedrykk til Adeccoligaen etter ein skuffande sportsleg sesong. Det vart til slutt berre 12 poeng og desidert siste plasseringa på tabellen. I tillegg tangerte SF rekorden for mengder kampar spelt på rad utan siger. Faktisk spelte Sandefjord Fotball 27 kampar på rad utan siger denne sesongen, og det er norsk rekord i øvste divisjonen. SF vart nummer tre i Adeccoligaen i 2011.

Tidlegare spelararEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra