Opna hovudmenyen

Knut Eilefsson Steintjønndalen, eller Knut Eilefsson Langkås, (18502. desember 1902) var ein norskgardbrukar og felemakar i Bø i Telemark. Han var ein av dei kjende felemakarane i Helland-Steinkjønnslekta.

Knut Eilefson Steintjønndalen
Fødd 1850
Død

2. desember 1902

Yrke instrumentmaker

Knut var son til felemakaren, husmannen Eilef Jonsson Steintjønndalen (1821-1876) og var gardbrukar på bruket Langkås i Bø. Knut var som faren ein flink felemakar og laga svært fine hardingfeler. Nils Tjoflot åtte ei av felene som han hadde laga. Også broren Jon Eilefsson Steintjønndalen (1847-??) var ein framifra felemakar.

Eilef Jonsson Steintjønndalen var bror til Erik Jonsson Helland. Eilef arbeidde saman med faren og broren i verkstaden. Då han gifta seg, kom han til plassen Steintjønndalen under Folkestad i . Han laga feler heile livet, særs vene feler, men ikkje så gode som broren Erik.

Son til Knut Eilefsson, Knut K. Steintjønndalen (1887-1969), var den siste av dei kjende felemakarane i Helland-Steintjønndalen-slekta. Han laga bortimot 1 000 feler.

KjelderEndra

  • Ministerialbok for Bø 1900-08