Knut Ivar Bøe

norsk musikar

Knut Ivar Bøe (fødd i 1967) er ein norsk trekkspelar frå Vaksvik i Møre og Romsdal. Han er kjend frå plater, radio og fjernsyn, og er mykje nytta som studiomusikar, kurshaldar og dommar. Han gav ut sin første solo-CD, Ferdamann, i 1994.

Knut Ivar Bøe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1967 (57 år)
Vaksvik
Yrke musikar

Knut Ivar er tilknytt møremusikarane og rikskonsertane, og har fått fleire prisar og stipend. Saman med Ingunn Linge Valdal utgjer han tradisjonsmusikkduoen Ferdafolk.