Knut Knudsen (fødd 12. oktober 1950 i Levanger) er ein norsk tidlegare proffsyklist og olympisk meister som representerte IL Sverre.

Knut Knudsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1950 (73 år)
Levanger kommune
Yrke sykkelryttar
Knut Knudsen på Commons

Knudsen vann 4 000 meter forfølgingsritt på bane i Sommar-OL 1972 og i VM 1973. Han vann NM elleve gonger, og har to kongepokalar. Han sykla profesjonelt i Italia frå 1974 til 1981 og vann seks etappesigrar i Giro d'Italia. I tillegg til etappesigrar i Giro d'Italia sykla han ved to høve, i 1975 og i 1981, med den rosa leiartrøya i det prestisjefylte rittet. Han vart kåra til verdas beste temporytter av to av dei største sportsmagasina i verda. Til saman vann han 49 proffsigrar.[1]

Etter OL-gullet i 1972 vart Knudsen tildelt Morgenbladets gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn i Noreg. Statuetten som årets idrettsnamn fekk han òg det påfølgjande året for VM-sigeren.

I 1975, etter ein positiv dopingtest, fekk Knudsen ti minutts tilleggstid i eit ritt i Belgia.[2]

I 1977 gav han ut boka På hjul med K.K. saman med Torbjørn Børte.

Viktige sigrar endre

1978
Trofeo Laigueglia
Trofeo Baracchi
1979
Giro del Trentino
Tirreno-Adriatico
1980
GP Eddy Merckx
1981
GP Eddy Merckx

Referansar endre

  1. Bryhn, Rolf; Solheim, Tor Håkon (30. august 2020). «Knut Knudsen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Ralf Meutgens: Doping im Radsport, Bielefeld 2007, S. 257. ISBN 978-3-7688-5245-6

Bakgrunnsstoff endre